Difor har eg brukt fleire timar på diktanalyse.
Difor har eg ete det eg har lyst på, og teke livet med ro.
Difor tek eg no pause frå skulearbeidet, så får det gå som det går i morgon.
Difor skal eg kjenne godt etter kva eg eigentleg har lyst til å gjere no, og kva eg skal styre unna.
Prøve i alle fall.
Johanneskyrkja i går, då eg måtte ut og gå.
Var nødt til å forevige fargen på himmelen, for
akkurat den nyansen der er yndlingsfargen min.
Kanskje nettopp fordi der er fleire nyansar?
Eg synest i alle fall den er så ubeskriveleg fin.
Så evig, på ein måte.