... fordi eg fekk - hald dykk fast - SEKS bøker med Henri som ho fekk av ein eller anna bokklubb, men som ho ikkje ville ha likevel! Eg og mamma er "øvegjedde"! Og ikkje berre kva som helst slags bøker heller: Tusen strålende soler av Khaled Hosseini, Menn som hater kvinner, Jenta som lekte med ilden og Luftslottet som sprengtes av Stieg Larsson, Snømannen av Jo Nesbø og Livstid av Liza Marklund! Øvegjedde! Heldige meg som har så herlege vener.
... fordi eg i tillegg til lesestoff for dei neste åra framover fekk kjempefine kle som ho ikkje brukar lenger heller! Fem flotte toppar. Gudfadermegbevare
... fordi i går var eg og Michelle ute og køyrte kveldstur til Sissel, og då vi var utanfor huset hos sistnemnde, kom eit "pikksvin" (sitat Michelle, sorry - eg klarte ikkje late vere) tassande, som vi løfta opp. Dei har veldig mjuke føter, som Gustav - pikksvinet som tassa rundt internat 5 i haust (høgt elska, sårt sakna)
... fordi eg har skifta bleie TRE gongar i mitt liv, alle tre som nittenåring, alle tre den siste månaden, alle tre på ALEXANDER
... fordi lisjepusen veks og er søt
... fordi eg var med momma i helja, der eg raida mørkeloftet; forsvann bak kasser av gamle minner som ikkje er mine, men som eg kan forestille meg, på eit gammalt loft der det luktar svunnen tid - der mamma er tenåring og leikar med tantene mine, som er endå mindre, og som skriv i dagbøkene sine at søskena deira er "domme", der klea er heimesydde men likevel (eller kanskje derfor) nydelege - laga av mamma og momma sine hender for fleire titals år sida - og hamnar i min plutseleg så kjedelege kjøpesekk. Der karakterbøkene er fulle av bokstavar i staden for tal, bileta er utan fargar, avisframsidene proppa med tekst - nyttig tekst - og ordet "sex" ikkje er nemnt på ei einaste ei; der eg finn ei nedstøva lita eske med eit flott munnspel oppi, og klatrar ned frå verelset med heilt ny garderobe, musikkinstrument og nye minner. Gjenlevingane etter ei tid som er forbi, men som det gledar stort eit gråblått blikk at eg vil take med meg heim og føre vidare i familiehistoria
... fordi momma er den beste mormora nokon kan ønske seg, og har den kjæraste heimen, og
naturen der borte ser slik ut:
Ubeskriveleg å vere der. Ro og fred, himmel og hav, meg og momma på tunet
... fordi eg den 26. juli set meg på eit tog på stasjon Bergen til Oslo (ni og tre kvart) til ANKE-mora, noko eg gledar meg ubeskriveleg til. Min første tur til tigerstaden (herregud, det høyrest ut som om eg er femogåtti), og eg forlet faktisk dei glade (jaggu) tenårå der. Kjenner meg trygg på at Ankie-bankie-frankie vil lose meg trygt gjennom det heile.
... fordi eg er frisk og førlig og har (nesten) alle mine rundt meg
... fordi eg aldri har hatt det så bra med meg sjølv som eg har no, tør eg våge å påstå
Å Junemor! Eg har alltid så masse eg vil kommentere på dissa innlegga dine, men får nøye meg med eit par ting; Eg ville aldri ha dissa bøkene, men takka sjølvsagt ikkje nei til gratis bøker som du kan få ;) Og; Madelein likna på dåkke Røysarane, som og vil sei at ho var kjempe søt :D Og; Eg er så glad for at du har det bra! <3 (Det siste rima t.o.m.)
SvarSlettÅåå, eg elskar deg, Henri!!! <3<3
SvarSlettHei!
SvarSlettÅh, jeg oppdaget først nå at du også faktisk har en blogg. Jeg skal begynne å lese den :)
Siste setning: Varm i hjertet! Du vet <3 Bleieskift, haha! Skal ikke begynne å telle hvor mange ganger jeg har skiftet bleier i livet (spesielt de siste ukene). Når man kan kjenne igjen barna i blinde, rett og slett ved å identifisere bæsjelukta deres, ja da vet du at du er barnehagetante! :P Bøker! Ja! Ta med på hybelen! Jeg har alltid hatt lyst til å lese Jo Nesbø (har jo møtt ham :D )og Larsson må jeg jo fullføre. Tusen strålende soler vet jeg ikke om jeg orker å lese, for Drageløperen gjorde veldig vondt inni meg! Gustav!! Jeg savne! Kafébesøk er alltid bra! Den søteste ungen i barnehagen her heter Alexander, så godt navnevalg der ;) Katten heter fremdeles Baaanaaaan i hodet mitt! Loft! Loft og kjellere! Vitner om magiske tider! Idyllisk boplass! Yeeeeeey du kommer til meg og vi skal ha det gøy! Jeg har ikke vært frisk de siste dagene, men IDAG skal jeg bli bra, for imorgen setter jeg meg på fly etter fly for å nå Vegas! (sånn, har jeg kommentert nok da :P fått med meg flest mulig punkter... :P ? Veier litt opp for mangel på sms-sending de siste dagene!) <3 <3 <3
SvarSlett