Sider

torsdag 11. juni 2009

Pengar og tre

No har eg kvar dag den siste månaden eller så sjekka kontoen min for å finne ut kor tid den anonyme gjevaren min skal ta og sette innpå eit par lappar til meg, men alltid med same resultat. Og som det matteprakteksempelet eg er, skal eg sette det heile opp med èi enkel likning. Nei, to:
1) Anonym gjevar = oppdikta/ønsketenking
2) June + lite jobb + store rekningar + oppdikta/ønsketenkt anonym gjevar = blakk som ein kakerlakk

Sukk og stønn, akk og ve. Skulle ønske pengar var gratis.
Eller i alle fall at dei vaks på tre...

Speaking of tre; eg har frå fleire hald den siste tida vore beskulda for å vere dendrofil (kjem frå gresk; 'dendron' betyr tre og 'philia' kjærleik/venskap; vert brukt om folk som er seksuelt tiltrekte av tre).

















Eg skjønar ikkje kva folk pratar om.

3 kommentarer:

  1. lol! Og gjett hva! Jeg har ennå flere bildeeksempler. Men du er ikke pervers dendrofil i såfall...bare sjarmerende dendrofil. Kjærleik, ikke sex :D

    SvarSlett
  2. True :) Rein kjærleik <3

    SvarSlett
  3. Hihihi :D Snoka bakover på gamle innlegg på bloggen din. Gøy innlegg :p Eg forbant deg òg med tre før eg blei skikkeleg kjent med deg. Heldigvis(?) gjekk det over.

    SvarSlett