Sider
mandag 31. august 2009
På dagen eit år sidan
Det er lov å lengte, lov å vere nostalgisk. Og å tenke tilbake på folkehøgskuleåret med eit skyll av vakker vemod. Tenke "å så fint det var", og "eg skal aldri få oppleve det igjen".
Eller:
Eg kan sjå meg rundt på universitetet i morgon, eller onsdag, eller i neste veke. Tenke at "her skal eg vere dei neste tre til fem åra. Dette er berre byrjinga. På endå noko vidunderleg noko som eg seinare vil lengte tilbake til.
Det er ei rar og fin kjensle.
Om ein halvtime er det offisielt sett haust. På kalenderen i alle fall.
I morgon skal eg til Åsane for ein times prat med ei herleg dame, og så skal eg kjøpe meg nye støvlar. Må vere godt rusta for å møte hausten, må vite.
God natt!
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)

Det var eit fint bilete! :) Det var tydelegvis litt finare vêr for eit år sidan. Me får skulde på den globale oppvarminga. Det er fint å ha noko å skulde på.
SvarSlettHaha, absolutt :) Biletet er teke med mobilen då, ein gammal fossil av ein nokia, så hadde nok vore endå finare hadde eg hatt digitalkamera på den tida ;)
SvarSlettDet er høst og vi har nye gummistøvler! God kombinasjon!
SvarSlettJeg skjønner hvorfor du savner det :)
SvarSlett:-) :-) Kos deg maks!
SvarSlett