Sider

fredag 11. september 2009

And if the chance should happen that I never see you again; just remember that I'll always love you



På slike dagar
treng eg stemma di
som meir enn ei kviskring
eg må mane fram
dine lune smil
og alt eg ynskjer eg hadde
visst
om deg




I dag ville pappa ha blitt 59 år.
Eg spurte den fantastiske storesøstera mi, Malin, om eg og ho kunne fare på den same kaféen som der vi traff han for siste gong, i november. Det ville ho veldig gjerne. Så i ettermiddag gjekk vi opp alle trappetrinna til nest øverste etasje på Galleriet, og inn på kaféen der eg ikkje har vore sidan den dagen for nærare eitt år sidan. Herlighet så fort tida går. Livet er og blir rart.

Det var fint å vere der igjen i dag. Snakke med Malin om alt og ingenting; livet og døden. Trekke seg sjølv ut av daglege rutiner og tvinge seg til å sjå alt kvardagsjaget og -maset i eit større perspektiv. Og berre vere saman. Det var fint. Og riktig.

Tanken om at alt kan bli snudd på hovudet frå eine sekundet til det andre, er vond.
Men den er verkeleg i all si uverkelegheit. Difor må den av og til kjennast på, for å sette pris på alt og alle ein har rundt seg.


Eg saknar deg, pappa...
Gratulerer med dagen.

Into The West

Lay down
Your sweet and weary head
Night is falling
You have come to journey's end
Sleep now
And dream of the ones who came before
They are calling
From across the distant shore

Why do you weep?
What are these tears upon your face?
Soon you will see
All of your fears will pass away
Safe in my arms
You're only sleeping

What can you see
On the horizon?
Why do the white gulls call?
Across the sea
A pale moon rises
The ships have come to carry you home

And all will turn
To silver glass
A light on the water
All souls pass

Hope fades
Into the world of night
Through shadows falling
Out of memory and time
Don't say we have come now to the end
White shores are calling
You and I will meet again

And you'll be here in my arms
Just sleeping

And all will turn
To silver glass
A light on the water
Grey ships pass
Into the West

What can you see
On the horizon?
Why do the white gulls call?
Across the sea
A pale moon rises
The ships have come to carry you home


(Tekst: "Into The West" av Annie Lennox og Fran Walsh)




Vi gjekk på vegen saman
og kom til ein stad med berre gråe steinar
midt på ein stor og open plass
vaks ein prestekrage
i skjønn einsemd
næra den seg sjølv
Sol og regn

Kan eg få den, pappa?

Du slapp handa mi og drog
den kvite blomen opp med rota

5 kommentarer:

  1. Takk og lov for gode storesøstre. Takk og lov for gode minner.
    Takk og lov for at ting blir litt lettere med tida, om bare ørlite grann.
    Takk og lov for ord.

    SvarSlett
  2. Så fint skreve June! Pappaen din ville ha vore så stolt av deg som er så flink :)

    SvarSlett