Sider

mandag 7. september 2009

Det sanne, det gode og det skjønne

Har ei rar og ekkel kjensle av at ting er uverkelege. Skuldar på ex.phil. Examen philosophicum. Dersom eg i heile haust skal gå frå kvart føredrag/seminar og tvile på min eigen eksistens og alt eg har trudd - unnskyld, TRUR på - kjem det til å klikke for meg. Og dét er jo ikkje spesielt heldig for eksamen. Ganske greit å vere oppegåande til den er overstått i alle fall.

Uansett: Kva så om livet er ein draum? Kva så om ingenting er verkeleg? Kva så om ein "fullkommen Gud" ikkje eksisterar berre det fins èin einaste ateist i denne verda, sidan ideen "fullkommen Gud" då kan forkastast i eitt hovud (ateisten sitt), og dermed fell heilt i grus for alle andre? Kva så om du påsto det, Descartes, at om det finnast den minste, vesle tvil, må ideen forkastast. Du - som sjølv var ein truande mann?

Kva så om det einaste eg kan vite sikkert - bortsett frå at ingenting er sikkert, i alle fall ikkje den sjølvmotseiande påstanden der - er at eg tenkjer, og difor er? Kva så om hjernen min ligg i ei saltvatnløysing på ein fjern planet og vert styrt av andre vesen? Kva så om eg aldri kan få svar på om andre verkeleg eksisterar, fordi det einaste eg veit om er min eigen eksistens, mi eiga bevisstheit? Cogito, ergo sum.

Kva så om eg aldri kan vite?

Eg kan tru.

Eg kan tru på ein fullkomen stad - som ikkje er ein stad, fordi den er utanfor tid og rom - der vi kom frå, og som vi heile livet vårt saknar og meir eller mindre bevisst leitar etter i våre sinn, og som vi ein dag skal vende tilbake til. Eg kan tru på englar som passar på oss, fordi det å tru på dei fører meg til ein trygg, god stad i mitt inste som foreinar meg med det som kjennest ut som livet si kjerne. Eg kan tru på det gode. Eg kan tru på mi eiga subjektive oppfatting av røynda. Eg kan tru på gyldigheita av å tru på noko sjølv om fornufta vår ikkje kan finne tilstrekkeleg belegg for det, fordi vår fornuft kjem til kort når vi er skapt av noko større, noko eg trur vi er. Eg kan tru på at i slike spørsmål stiller vi alle likt - uansett om ein er professor i filosofi eller berre førsteårsstudent.

Det som er fordelen med slike dagar (sånn reint bortsett frå det med å tvile på heile livet og eins eigen og andre sin eksistens og sånn) er at alt det trivielle som vi likar å kalle livet, blir ein slik vannvittig kontrast til så store tankar, at ein må kompensere ved å ta ein stort steg utanfor dagleglivet sine rammer og stire seg sjølv rett i trynet. I mitt tilfelle:

- Kjøpe potetsticks - for første gong sidan ungdomsskulen, trur eg - og pepsi max sjølv om det ikkje er helg (i same slengen bruke meir pengar enn budsjettet tillet)
- Rigge seg til i senga med dataen i fanget, knaske chips til den store gullmedaljen og pimpe pepsi max, og sjå på Across the Universe sjølv om ex.fac-innleveringa skrik etter merksemd
- Tenke store tankar om alt ein er "bunden" av, og at eg burde droppe ut av Uni. og heller skrive lyrikk som eg står og skrik ut på Torgallmenningen, eller reise til eit u-land for å bøte på mitt eige dårlege samvit over at eg vassar i ein svær brorpart av heile verdas samla goder, eller gje vekk alle tinga mine bortsett frå klea eg står og går i, for å bli fri frå deira makt, eller springe ut i Bergens gater utan paraply, berre springe og springe slik eg gjorde då eg var mindre, og sette meg til å sjå på sneglane si langdrygne flukt over vegen, eller ta ut alle pengane på sparekontoen og gje dei til første tiggar eg finn, for ingenting eg har er eigentleg mitt
- Sove middag



Rekk opp handa den som gadd å lese heile dette innlegget.

10 kommentarer:

  1. Då rekke eg opp handa! :D Sjølv om du bringe tilbake mange vonde minner frå ex.phil ;( Teite faget. Kass oppgåve du har i det faget Junemor?

    No må eg noke gråådig tisse :O

    SvarSlett
  2. Vonde minner, du? Så vonde at du måtte presse ut ein A? ;P

    "Oppgåve 8 Fridom og ansvar:

    I psykiatrien ser me historisk ein overgang frå å behandla psykiske lidingar med utgangspunkt i moralisme til ei vitskapleg grunngjeve behandling. Meir konkret har dette innebore ein overgang frå å nærma seg desse fenomena som spørsmål om ansvar og skuldfordeling til spørsmål om sjukdomsårsak og mogeleg medisinsk behandling.

    I filosofien finn me ulike posisjonar i synet på forholdet mellom menneskelege val og moralsk ansvar. Grei ut om determinisme og libertarianisme, og drøft desse posisjonane opp mot spørsmålet om korleis me skal forholda oss til personar med alvorlege psykiatriske diagnosar. Kva for nokre kriterium bør vera oppfylte for at ein person skal sjåast som straffeansvarleg? Er eit deterministisk syn på mennesket mogeleg å sameina med straffeansvar?"

    SvarSlett
  3. Haha! Karakteren seie vel ingenting om ka eg syntes om faget? ;p

    Ouf :/ eg måtte konsentrere meg skiiikkelig for å skjønne dinna oppgåva :S Syns den eg hadde om aktiv dødshjelp var masse kjekkare :D

    SvarSlett
  4. Handa i veiret på meg og! (og eg e evig lykkelig for at ikkje har ex.phil og ex.fac)

    SvarSlett
  5. *rekke opp handa*

    Du er klok. Og morosam.

    Førde e ein by.

    SvarSlett
  6. Henri: Det spørs, EG klarer i alle fall ikkje få toppkarakter i eit fag eg hatar ;P

    Eg synest oppgåva verka interessant, faktisk! Derfor eg valde den, liksom ;D

    Martine: Det er faktisk interessant òg! Men når eg er sliten, blir eg gal!

    Silje Karin:

    Hjertet er en muskel.
    Førde e ein by.
    Hjertet er omtrent like stort som knytteneven din.
    Førde e omtrent like stort som knyteneva di.
    Hjertet går og går uten at du trenger å tenke noko over det.
    I Førde går livet sin gang uten at nokon nokosinne har tenkt øve det.

    SvarSlett
  7. Eg gjer deg herved ein liksom challenge (dvs, du kan gjere det om du vil, men må ikkje):
    1. Sett mp3-spelaren/iPoden din (eller kva du no brukar til å høyre musikk på) på den funksjonen som heiter "Shuffle"
    2. Lag ei liste av dei 5 første sangane som kjem. IKKJE lov å jukse!

    Så kan du sende den vidare om du vil det og :)

    Og btw, såg du skulle sjå Across the Universe, har du sett den endå? Kva syns du?

    SvarSlett
  8. Eg tar utfordringa!

    Ja, såg den! Og likte den kjempegodt! Dvs: Eg sovna dei siste 10-20 minutta - høyr forklaringa før du dømmer meg! - så kan ikje bedømme slutten. Du skjønar, alltid når eg er heilt inne i noko og synest noko er kjempebra, som f.eks når eg les Harry Potter, blir eg så ekstatisk at det rett og slett blir for mykje for min stakkars hjerne, og den bestemmer seg for å - heilt mot min vilje - ta ein time-out! Har du høyrt noko slekt?
    Vart sur og grinete då eg vakna til rulleteksten, men eg skal ta igjen slutten ved første anledning :)

    SvarSlett
  9. Den finaste eg veit
    Cavatina
    The Opposite of Hallelujah
    Walnut Tree
    Lause ting



    LOL!
    Eg utfordrar deg ;)

    SvarSlett