Sider

torsdag 17. september 2009

Eg vil heim

Eit postkort frå mamma i dag med bilete av Grotlesanden (i soloppgong) på, samt eit rask minnedykk når eg gjekk gjennom bileta på dataen frå den siste tida før eg flytta, fekk ei vemodig bølgje av sakn til å skylle inn over meg frå havet eg ikkje visste at var der, for eg har ikkje hatt tid til å bade i det.




Meg på Grotlesanden, den vakraste staden på jord.





Herregud som eg saknar desse to krabatane. Alltid skal eg knyte
meg slik til dyr; sånn har det vore bestandig. Lurer på kor stor
Samson har blitt no.




Eg har innsett ein ting - og dette trudde eg aldri at eg ville seie - men eg må tilbake til Bremanger for godt. Ein eller anna gong.





5 kommentarer:

  1. Iiiik! Eg tenkte på Samson i dag tidlig når ein søt, liten kattunge(med rosa halsbånd) for springande over veien til mora si. Men Samson er nokk hakket større blitt ;(

    Når vi er komt heim, kan ikkje vi ta oss ein sykkeltur ut på grols og gå på sanden. Også kanskje på Veten sånn at vi ser sanden ovanfrå og? :D Tenk at vi ikkje bada i sommar! ;(

    SvarSlett
  2. Jeg får vel bare innse at jeg må komme meg til Bremanger da. Spesielt ettersom jeg må pendle mellom der og hvor enn jeg ender opp i framtida, på besøk til Bremangerfruen og kjente poet. "fekk ei vemodig bølgje av sakn til å skylle inn over meg frå havet eg ikkje visste at var der, for eg har ikkje hatt tid til å bade i det." Du overgår Aristoteles LETT! SUPERLETT! Send det der til Hilde! Eller gi henne bloggadressa di!

    SvarSlett
  3. Henri: Ja, han har sikkert blitt voksen no. Og mamma seier på telefonen at Ingrid seier han er feit, men mamma synest han berre har tjukk pels (det skulle ikkje forundre meg om han har blitt feit, for han er eit verre matvrak enn meg) :P Og JA, er med på Grotlesanden (så klart) og Veten :) Men snakk for deg sjølv: EG bada i sommar ;)

    Anke: Ja du må nok forberede deg på å pendle mellom England der du er kjent barnebokforfatter og Bremanger, der eg er bondeknøl ;)

    SvarSlett
  4. Poesi og bondeknøllisme går hånd i hånd! Er det ikke Hilde som driver gård kanskje?? Og matvrak og matvrak fru Blom! Dra til Amerika, så begynner du kanskje å nærme deg definisjonen på ordet!

    SvarSlett
  5. Ja det må jo vere eit herleg liv, som gjev grunnlag for lykke frå morgon til kveld (kanskje poesibondeknølisme bør bli ei ny filosofisk retning? EG TEK SAKA!) ;)

    No can do; dei har ikkje brunost i Amerika. Ikkje dei fleste plassar i alle fall ;P

    SvarSlett