Sider

lørdag 5. september 2009

This train don't stop there anymore

Sidan eg har overskriftsvegring (og beslutningsvegring for den del - dei er nok linka saman), bestemte eg meg for at eg frå no av skal gjere følgjande kvar gong eg skal skrive eit blogginnlegg: Ta all musikken eg har på dataen inn på ei playlist på Winamp, trykke på shuffle, og deretter play; og tittelen på den sangen som byrjar å spele, skal bli tittelen på blogginnlegget. På den måten slepp eg ta ei beslutning, og eg kan irritere folk ved at innlegget mest sannsynleg aldri kjem til å ha noko med overskrifta å gjere. Det kallar eg ein vinn-vinn-situasjon.

Dette kallar eg "Dagar i Bergen" (Oi, der kom visst tittelen. Jaja, too late):

(PS: Sidan blogspot likar at bileta kjem i omvendt kronologisk rekkjefølgje, så får eg rette meg etter det. Sjøl om det inneberer at handlinga på bileta går baklengs)





Eg og Anke gjekk på Fløien i dag. På vei NED kom ein liten
gut springande forbi; han sprang og han sprang! Heile tida
mens han laga sånn "Æ-æ-Æ-æ-Æ-æ-Æ"-lyd med munnen
mens han humpa nedover bakkane i rasande fart. Morosamt!




Der bur vi!
Kor?
DER!




Anke berre MÅTTE snike seg inn med ein snyte-posering
på mitt ellers så vakre naturbilete.




Det dyret der såg eg faktisk ikkje før etterpå.




Knuste ei kastanje for å sjå om vi kunne ete det som var inni.
Det kunne vi ikkje.





På veg OPP.




Eg hoppar baklengs OPP i treet. Heilt sant.









<3








Treet vårt, som vi ser frå brua kvar dag når vi går til skulen.
Men ikkje heng sånn med hovudet då, fru tre! Du er jo så fin!










Ein flink mann på eit tak.





Flink mann nr. 2 mala ubeskriveleg fine bilete, der han
sto bøygd på kne på Torgallmenningen med penslane og fargane sine.






















Fekk lyst til å dette inn i eit av bileta (helst alle)
og forsvinne i ei Neverland-verd.








Kjære kvinnelege (forhåpentlegvis) student som har skrive dette
inne i båsen til høgre på universitetet sin jentedo:
Du redda dagen min! Tusen takk!




Kortkveld med Kine Renate, Silje og Ingrid forrige helg
(Og visst du lurte: Ja, ballongane kjem FRAMLEIS til nytte)




Silje trong visst litt assistanse. Ikkje lett det der; det veit eg AALT om.




Looking gooood.




Looking better.
Eg hadde bolle i omnen. Kva, trur du eg fer med løgn?!
Ingrid hadde baka kanelbollar og bollar med sjokolade i;
eg varma meg ein inne i den omnen du ikkje kan sjå på biletet,
fordi eg står foran den. Tenk.
(PS: Sant Ingrid kunne blitt ei bra helsesøster?)





Eg og Anke har eit problem. Og Spar gjer det ikkje
akkurat betre ved å ha "Ta-fem-betal-for-tre"-tilbod
heile året!




Ingrid er søt; ho finn alternative måtar å betale tilbake
skuld på! Det er utruleg kva eit par sommarfugl-klisterfigurar
kan gjere :)


5 kommentarer:

  1. Hvem er det som har et problem sa du? Det er ikke jeg som driver og stapper ballonger oppi bhen akkurat :P

    SvarSlett
  2. Please! Visst eg skulle ha stappa ballong oppi BH-en, så måtte det ha vore ein ballong på størrelse med ein tomat (og som du ser, var ikkje det akkurat tilfellet) ;P

    SvarSlett
  3. hahaha! Kul jente som har skrevet dikt mens ho satt og dreit då ;p Bruka tida fornuftig :D

    Ballong oppi bhen June? Kor stor cup du har fått sida eg såg deg sist? :O

    Ein siste ting; EG OG HAR DRUKKE PEPSI MAX I DAG! :D

    SvarSlett
  4. Dette er nesten litt skummelt, men idet eg trykka på innlegget og skulle til å lese det tenkte eg "June er så flink. Ho har alltid så originale og spesielle overskrifter".

    Geniale bilete! Som alle andre som har fødd, saknar eg gravidmagen min.

    SvarSlett
  5. Henriette: Haha, først skjønte eg ingenting av kva du meinte, trudde du meinte meg ;P

    Ja nei, eg har plutseleg esa ut som ein ballong på det området. Ingenting å gjere med det, liksom ;)

    Silje: Haha, uff - no følte eg meg nesten litt teit!

    Ja, eg òg har fantomsmerter i gravidmagen min.

    SvarSlett