Sider

lørdag 7. november 2009

Det mjuke barnet

Då eg var rundt femten og bestemte meg for at skriving var greia, laga eg meg ein perm der eg samla artiklar, reportasjar, dikt og så vidare som eg fann i aviser, vekeblad og magasin, og som eg synest var verdt å ta vare på. Denne permen la på seg noko kraftig dei to åra som følgde, men sidan dét har den berre vorte mata med eit dikt her og ein artikkel der, utan at eg heilt veit kvifor denne interessa for å samle på det skrevne ord dabba av; kvifor eg slutta å lese aviser med ei saks ved sidan av. Kanskje det har noko med å gjere at eg byrja å stole meir på evna til å lagre det som treff meg i mitt eige kartotek, det eg har inne i meg. Dersom eg skulle ha samla på alle skriverier som hadde rørt ved noko i meg frå femten års alder, hadde eg trengt eit heilt lagerrom (eller tjue).

I stad fann eg fram den feite, svarte permen igjen, og byrja å leite febrilsk etter éin bestemt artikkel som eg las for første gong som sekstenåring, og som eg aldri har gløymt. Om eg hadde blitt tvungen til å velje ut éitt einaste skriveri i heile permen som eg kunne få behalde, hadde det vore den. Etter å ha bladd gjennom alt frå lange reportasjar om dyremishandling, til Nemi-striper, fann eg den. Gulna i papiret, for å bevitne tida som går, men dens innhald er like tidlaust. Og rører meg framleis på same måten, no nesten fire år seinare. "Engelen", heiter den, og er skriven av Margreth Olin.

Den handlar om det mjuke barnet som tek inn heile verda.  

Noen mennesker er så vakre at de blir syke av det.

Grunnen til at eg fann den fram i dag, var at eg, Anke og Silje nytta føremidaggen til å gå på kino for å sjå filmen Engelen av Margreth Olin, som handlar om Lea - eller Pia, som ho verkeleg heiter. Det mjuke barnet. Som, etter ein svært vond oppvekst, flyr av stad med heroinen. Heilt til ho ikkje flyr lenger, men sit igjen med narkomanien.

Tårene rann over under store delar av filmen. Den var så vanvittig sterk. Og fantastisk. Og endeleg fekk eg sett den. Eg synest eg har høyrt om anten den eller Margreth Olin overalt sidan eg las den artikkelen med same tittel som filmen, ei historie som no har funne vegen frå Olin sitt hjerte og til kinolerretet.

"Engelen" i artikkelformat skal bli godt forvart i permen min, "Engelen" i filmformat i minnet mitt, og historien til det mjuke barnet i mitt aller innerste.

3 kommentarer:

  1. Nå lurte jeg på om du hadde sittet og skrevet av hele artikkelen :P Men heldigvis ikke! Den er utrolig godt skrevet, men jeg må si at jeg også holder en knapp på budskapet i bussjåfør-artikkelen ;)

    Engelen. Sterk. Fin.

    "Tar du fra et menneske dets hjertemedisin, må du erstatte den med noe annet."

    SvarSlett
  2. For ein utruleg god artikkel, og ein fantastisk og sterk film. Av og til lurer eg på om eg overdriv min bruk av kompliment, for nå får eg liksom ikkje sett ord på kor godt skrive dette var og kor god den filmen var. Det har overgått mange andre artiklar og overgått mange andre filmar. Eg kjem til å tenke på "Lea" i lange tider framover.

    SvarSlett
  3. Anke: Eg hadde kome til å gjort det dersom eg ikkje hadde funne den på nett, for flest mogleg MÅ lese den!
    Budskapet i "Kjærlighetens bussjåfør" var òg herleg ;) Men i ein heilt anna klasse, og uansett held eg nok for min del en knapp på "Engelen".

    Silje: Så einig, så einig :-) Konge at du orka å lese heile!
    Haha, nei det ofte at ein føler at orda ikkje strekk til! Men kanskje skjønar eg kva du meinar likevel ;)

    SvarSlett