Å besøke det gamle internatet, der alt som hang på veggane då vi budde der no berre er eit minne, og der dei no slenger tilbake eit mildt ekko fordi dei som bur der no ikkje har det så møblert som vi hadde. Å ikkje føle den småsjalu kom-dykk-vekk-frå-vår-skule-følelsen eg hadde forventa å føle når eg såg på dei nye elevane, dei "nye" internata, osv (det er rart korleis alle folkehøgskuleelevar har eit eigarskapsforhold til den skulen dei har tilbrakt eit år på, som om det berre er akkurat dét året som eksisterar i heile skulen si historie). Å kjenne ei ro i at det beste året av mitt liv er låst til skulen si historie og året 08/09, men no er det nokre andre sin tur. Og å unne dei det av heile mitt hjarte.
Å trekke seg stille tilbake frå mitt kjære internat 5 med eit takk - til dei som no har skoa sine i gangen, nøklane som passar i dørene og stemmene som fyller romma med ordet "heim" - for at eg fekk titte inn litt. Eg ba ikkje om å få sjå rommet mitt idet ho jenta som bur der ho hasta forbi meg, der eg sto tafatt i gangen saman med Ingrid, Karen og Silje. Ho såg travel ut. Og det er hennar rom no. Ho hadde ikkje hengt opp noko på innsida av døra, det såg eg, men det er likevel hennar rom.
Å hugse alt det året var - er - for meg, alle små og store ting dei tre årstidene eg tilbrakte der, som eg i heile sommar har hausta fruktene av. Det gjer eg framleis. Å sjå med smil rundt meg på alt, alle.
Å klappe med stor entusiasme for sceneopptredenane til dei nye elevane. Dei var så fantastisk flinke. Og ikkje minst; å endeleg få treffe Annika ansikt til ansikt, for første gong.
Å ta bussen heim ved midnatt, og vere ei smørje av lukkeleg og sliten. Så mange inntrykk.
Eg er glad eg aldri fekk smake hammaren i løpet av den tida eg
var under John Erik sitt regime. Det var nok med revolvarane.
Du kan få sagt det June! :)
SvarSlettDet va kjempe fint skrevet, sitte her med ei tåra i øyekroken nå:)
Det var rart å komme opp og se at noen andre bor på rommet mitt, og dørskiltet,som eg hadde laga,som stine sa hun såg sist,alt så va igjen av det va skoletyggisen det ble hengt opp med! Det e litt rart å sei det, men det føltes nesten på en bitte liten måte at noe døde inni meg då.
Men selvfølgelig så var det kjekt å sjå alle igjen, det va det, men og trist fordi det e det beste året eg har hatt, og det e trist det e over.
<3
Så koseleg innlegg, June <3 Du får verkeleg satt ord på korleis det var å vere på folkehøgskulen (les: heime) igjen.
SvarSlettMå reise til Sætregården ein dag!
Kristin: Tusen millionar takk! <3 Ja, ikkje sant det var rart? Men det er sånn det skal vere, trur eg. Eg sa det til ein av dei nye elevane då vi gjekk frå internatet, som eg forklaring på at vi trengte oss inn i bopelen deira, at dei kom til å oppleve akkurat det same behovet sjølv til neste år, når det blir deira tur til å vere besøkande i sin eigen tidlegare heim.
SvarSlettSilje (no skreiv eg først Silke;P):
Tusen takk, du òg! Ja, det må vi! Vi må finne ein dag, og så sender eg mail til Marianne <3
Gledar meg til fredag!
Fræddan <3
SvarSletttil helga kanskje? ...
SvarSlettJa, sannsynligvis sa det er
SvarSlett