Sider

torsdag 31. desember 2009

Back on track & godt nyttår i mössan!

Det var ikkje verre enn at eg vakna opp neste dag og var June igjen. Så enkelt var det. I alle fall nesten. Smil!

Årets siste dag. Tenk det! Eller nei, ikkje tenk det. Det gjer ikkje eg. Før var eg alltid overoppteken av desse markørane som skil eit år frå eit anna, ein alder frå ein annan, og så vidare. Men slik er det ikkje no lenger. Til det har det skjedd for mykje. Og det er ein konsekvens eg er glad for. Kvifor skal vi folk tenke så forbaska stort heile tida? Maksimere alt? Gjere opp status for eit år på ein dag. Ein enkelt dag, lik på alle andre dagar, bortsett frå at akkurat denne dagen kjem før den første i rekka av dagar vi i uminnelege tider har dela inn vinter, vår, sommar og haust med. Akkurat denne dagen er den siste som kjem før eit menneskeskapt skilje som visstnok skal gje oss 365/366 nye, blanke ark. Kanskje treng vi det. Kanskje treng vi denne dagen. Eg veit ikkje. Eg veit berre at eg treng den ikkje. Eg treng dagen, men ikkje alt den liksom skal stå for. Stress og press i dreningsdress. NEKT!

Eg treng den for det den kan fyllast med mellom soloppgong og solnedgong. Slik eg treng - og ønsker velkommen - alle året sine dagar. Om eg er tjue eller førti, eller om kalendarane blir trykt med talet 2010 eller 2020 på, spelar inga rolle.

Og tidsbegrepet er uansett subjektivt, meiner eg. Det er jo eit kjent fenomen kor sakte tida går når ein som åtteåring ventar på at ein skal verte ferdig med julemiddagen slik at ein kan kome til presangane på julafta, og kor fort den går frå det punktet papiret på den første gåva er rive av. Like ens kan eit år for ein syttenåring fortone seg så langt og innhaldsrikt - både på godt og vondt - at det verkar som femdobla i sin målestokk, der det flyr forbi i kvardagssorger og -gleder i stabilitet for ein som er dobbelt så gammal. Akkurat det same året på kalenderen, på akkurat same klode. Men likevel heilt ulike verdenar. Heilt forskjellige klokker. Timevisarar, minuttvisarar og sekundvisarar - jovisst! Men der eit blikk kastast på desse med ujamne mellomrom når ho hastar forbi, heng det andre blikket fast i sekundvisaren sin langsomme rundgong der ho sit åleine og stirrar, lyttar. Til alt ho innbiller seg blir til sand mellom fingrane hennar for kvar gong visaren byter plass. Til alt ho innbiller seg blir til sand mellom fingrane hennar dersom den ikkje kjem til å gå fortare. Stopp. Gå. Stopp. Gå.

Konklusjon: Carpe diem og sånn, vel! Men seriøst, eg meinar det.

Å ja! No kom eg på, eg skulle jo fortelje om dei lyspunkta som blafra inn den dagen eg var litt emo. Eg tek det i bileteform, eg!


Eg og Malin var borte på sportsbutikken her, og der hadde dei
superfine Kari Traa-morgenkåper. Men dei kosta halve tusenlappen,
og trass i at Malin ymta frampå om at eg fekk jo julepengar hos Momma,
kunne eg ikkje ta meg råd til det, følte eg. Er jo enno ei stund til stipendet
kjem. Så eg beundra den litt til, kjende på det utruleg mjuke stoffet, såg 
på den nydelege fargen (blå er yndlingsfargen min), og strauk over
sommarfuglen over venstre bryst. Så gjekk vi, og Malin sa "eg må berre 
bort i minibanken ein tur". Eg lukta jo så klart ikkje lunta i det heile teke.
Dersom eg hadde tenkt tanken, ville eg nok ha tenkt: " Ingen 
får no ei SÅ flott gåve på ein vanleg kvardag!" Men det gjorde eg altså
ikkje. Og eg hadde undervurdert søstera mi. 
Malin  kom lett anpusten tilbake like etterpå, og la pakken i fanget på 
ei intetanandeJune, som straks fekk haka åtskilt frå resten av kroppen. 
"Du berre måtte ha den!" smilte ho, før ho sprang opp trappa til loftet for å
gje broderen ei tilsvarande gåve, i pengar. Då hadde ho altså stukke både i minibanken,
OG sprunge tilbake på sportsbutikken, på null komma niks, mens eg
knapt hadde merka at ho var vekke.
For ei jente!


Pusemora er alltid god å ha.


Sonen hennar, derimot...


Sjekk det blikket! Er søren ikkje trygt.


Mhm.
1 stk katt i sin mest hyperaktive alder +
fullverdige klør + ekstremt rask bevegingsevne
+ perfekt sikt + ein god slump ungdommeleg vondskap
= eit par klør lirka godt inni begge nasebora
til June, med eit uunngåeleg lynkjapt ritsj frå kreket si
side for å få dei skarpte krokane (bua rett veg, frå han si
side, for å skape mest mogleg smerte og ve) ut att. Au.



Men eg kom raskt over det då dette sjarmtrollet dukka opp:


Som la sin elsk på den nyinnkjøpte fitnessballen til Malin.


Og (det har eg heilt gløymt å seie): Vi har kvit jul!
Vi fekk kvit jul i år!!! Her, på øya! Eg og mamma 
fann ut at det var første gong sidan eg var tolv.
Magisk å snike seg ned i stova om natta
(i den gooode, varme morgonkåpa), og sjå på
snøen, når den lavar lett.
Så, då gjenstår det vel berre å seie:








*kunstpause*








GOD MIDDAG!









Og godt nyttår.



3 kommentarer:

  1. ja, jeg er enig med deg, nyttårsaften er akkurat som alle andre dager, bare at den blir blåst opp til noe enormt, som ikke gjør at de som er ensomme blir noe bedre denne dagen,men går heller å gruer seg dager i forveien. Det er en dag, på lik linje med andre dager, det er kun en dag som bringer oss over i et nytt år..thats it. Og er det egentlig noe å feire? det betyr jo at tiden flyr avgårde og bringer oss enda et år på baken...(for min del kommer det alt om 6 dager!!!!! JEG VIL IKKE!!!)

    så utrolig snilt av søstra di da!!! sånne ting er verdt å ta vare på, de små gledene i livet.
    Bruk den godt, haha.

    jaaaaaa, jeg kan heller ikke husk sist det var en sånn vinter!! Jeg har sittet en del ganger nå i vinter og snakket om hvor fine vintre vi hadde da vi var små, og jaggu kom den igjen i år..herlich!

    ønsker deg en god middag, haha
    og et godt nyttår.

    SvarSlett
  2. Kjære June!

    Skjønner ikke hvordan du greier å stokke ordene på en slik nydelig måte. Det er rett og slett vakkert å lese.

    Ønsker deg alt godt for året som allerde er i gang!

    :) Kristin

    SvarSlett
  3. Laila: Ja, ikkje sant? Kast klokkene og kalendarane, seier no eg. Men ved nærare ettertanke hadde det nok skapt litt kaos i dagens samfunn ;P

    Oi, snart bursdag, du! Forresten, eg prøvde å gå innpå bloggen din, men fann ikkje noko under "mine blogger". Er den stengt? Ville så gjerne lese :) Men du bestemmer!

    Det er så sant, så sant at sånne "små" ting i kvardagen er så uendeleg verdifulle. Og morgonkåpa skal slitast med helsa, det er no i alle fall sikkert!

    Ja, sant det er flott med all snøen? Magisk å gå tur og høyre godlyden av kram snø under støvlane, midt i all stilla :)

    GOD MIDDAG, ja ;D (og godt nyttår)


    Kristin: Åååå, du anar ikkje kor mykje ein slik kommentar betyr for meg! Skriving er det eg likar best av alt å halde på med. Og eg synest at DU er kjempeflink til å skrive, var innom bloggen din i dag for å lese allereie leste innlegg ;) Ønsker deg ALT det beste for dette året og alle år, for det fortenar du <3

    SvarSlett