Sider

mandag 7. desember 2009

Kvardagen, med meir


EI RØRANDE HISTORIE:

Det var ein gong ei jente (hokjønn, ubestemt, eintal) som ein mandagskveld prøvde (prøve - prøver - prøvde - HAR PRØVD FOR SØREN) å gjere det ho skulle i eksamensførebuingar til Den Store Eksamen i Språk og Kommunikasjon. Hovudet sa: "Køyr på!" (imperativsetning), mens kroppen sa "sjokolade!"; men dette er ikkje vesentleg. Langt der inne var det nokon som kviskra mjukt, men stadig høgare. Det var Stemma Som Vil June Sitt beste.

Stemma Som Vil June Sitt Beste: "Denne ettermiddagen og kvelden skal du ikkje lese meir til eksamen. Du skal legge frå deg bøkene NU, og ikkje ta dei fram att før i morgon."
June: "Er du sprø? Eksamen er jo på torsdag! Og eg har ikkje fått gjort alt eg planla for i dag!"
Stemma Som Vil June Sitt Beste: "Careface. Klapp igjen bøkene, gå på butikken og kjøp deg Smash, og tilbring deretter dei neste trettifem minutta med å hoppe rundt til Mamma Mia!-musikk på rommet ditt i vilt sukkerrush mens du tenker glade tankar."
June: "Ok."

Så la June i veg til butikken. Då ho hadde gått langt og lenge, og lengre enn kort, kom ho til Spar. Der kjøpte ho ei 160 grams-plate med Smash og sa seg vel nøgd med handelen før ho trakka tilbake til sin fagre heim. Halve plata vart sett til livs då June brått hugsa kva Stemma Som Vil June Sitt Beste hadde sagt om det å danse hemningslaust. Ja ja, eg har vel slikt å gjere... tenkte June, og kasta seg ut i dansen mens wannabe-ABBA skreik Honning, honning. Etter ei tid kom likevel tvilen. Er dette passande oppførsel for ei som snart skal ha ein stor eksamen?

Lagnaden ville det slik at i akkurat denne augeblinken ringte Ho Mor.

Ho Mor: "Eg blir så glad når du seier at du vil gjere sånt i staden for å lese! Om eg synest du berre skal halde fram? JA, eg synest du skal berre halde fram!"

Dermed var saka avgjort. Og slik gjekk det til at June den kvelden enda opp på sofaen med ei stor plate Smash ved sidan av seg, ubegrensa mengder Pepsi Max, samt ambisjonar om å skrive tidenes blogginnlegg... Og har du ikkje sett noko meir til ho, ja då sit ho vel enno.

Og snipp snapp snute, så var fantasien ute.


 Eg kan ikkje heilt hugse no kvifor eg for nokre timar 
sidan syntes transkripsjon var reine komedien, men
det hadde nok noko med sukkerkicket å gjere.


Eg gledar meg til torsdag klokka eitt, då eg er ferdig med eksamen i lingvistikk og fonetikk. Då kan juleførebuingane byrje for fullt. Og eg kan føle at eg har fritid og overskot igjen. Dessutan kan eg og Anke byrje å kommunisere på normal måte att:




Eg kan i tillegg kaste denne:




Og eg kan blir som desse her:


Duefilosofi.




Men no får eg det til å høyrest ut som om eg ikkje har kosa meg glugg i hel med lingvistikken her! Uff, for ei skam. Det er jo løgn frå ende til anna. Eg har faktisk hatt heile to - TO - augeblikk av euforisk lukke knytt til faget. Det eine fann stad for rundt ei veke sidan, då eg greidde mi første setningsanalyse HEILT RETT, HEILT ÅLEINE, UTAN Å SJÅ PÅ FASITEN!




At setninga eigentleg er pisslett, at eg burde ha vore kompetent til å lage analysetre for ei slik setning for fleire veker sidan, og at dei vi får på eksamen er mykje meir avansert, er ikkje vesentleg. Eg klarte den heilt sjølv!

For ordens skuld: eg klarer vanskelegare setningar no. Så det så.

Det andre ljose augeblikket fann stad ein dag eg og Silje var på vandring til hennar lune heim. Då vi gjekk forbi hovudbiblioteket, såg eg ein mann som såg veldig kjent ut. Då fekk eg ei ny stemme i hovudet:

Stemma i hovudet til June som seier ifrå når ho møter på Odd Norstoga utanfor hovudbiblioteket: "Det der er Odd Norstoga."
June: "Neeei... Er det? Neeei, det berre liknar veldig."

Mannen Som Kunne Vere Odd Norstoga (står og snakkar med ein annan mann): "E e frå Vinje i Telemark, og e snakkar sånn som det her. Firogtjue kråker sit på ei madrass; enno ei vil sitja, men det er ikkje plass"

Ok, var kanskje ikkje AKKURAT det han sa, men poenget er...:

Stemma i hovudet til June som seier ifrå når ho møter på Odd Norstoga utanfor hovudbiblioteket: "Du høyrer det på dialekta at det er han."
Så hadde vi passert han, og Silje snur seg mot meg:

Silje: "Det der såg heilt ut som Odd Norstoga!"
June: "Det VAR Odd Norstoga!"
Silje: "Oi! Vi må be om autografen!"

Så det var to glade barn som fekk kvar si helsing frå Sjølvaste Odd Norstoga den dagen, hyggeleg som han var der han tok seg tid til å utveksle nokre ord med oss og ønske oss lukke til med studiane (han SKREIV det siste til Silje til og med, men ikkje til meg, for då vi fortalte at vi var studentar, var han allereie ferdig med å skrive på mitt papir. Grr.)

No spør du deg kanskje kva dette har med mitt andre lysande augeblikk innanfor faget å gjere. Jo, det skal eg fortelje deg: det var første gong kladdeboka mi full av lingvistikk og fonetikk fekk noko vesentleg på ei av sidene sine:


 


Eg kan forresten ikkje rive den ut, for det står masse faggreier på baksida. Så nå får eg ei god kjensle kvar gong eg blar over på siste side og får auge på dette vesle minnet om ein fin dag.


(Sidan den først har hamna innanfor lingvistiske/fonetiske 
permar, fann eg ut at eg like gjerne kunne gjere det beste ut av 
det heile, og late den oppfylle sin lagnad).


Eg elskar Odd Norstoga. Han har så geniale tekstar!


Eg budde i eit kollektiv i eit litt forsinka liv. Og no hadde eg og ho,
som hadde lagt ein arbeidsdag, tappert sett i gang med fag;
trur eg var på side to. Då kapitulerte eg og sa til ho:

Altfor mange lause ting, altfor myrke krokar
altfor mykje skummelt rot, altfor store flokar,
altfor store rom, altfor mange ord,
altfor mange gode råd gjev altfor mykje å tenke på.

Kor er den beste teori for ei lukke og litt fri?
Kva er pensum for å få raustlause menn til å få ro?
Ikkje boka eg les no. Ikkje den eg las i går,
og faga eg må ta opp att til neste år.

Altfor mange lause ting, altfor myrke krokar
altfor mykje skummelt rot, altfor store flokar,
altfor mange gode råd gjev altfor mykje å tenke på.
 
No er eg over tredve år, ikkje akkurat i min ungdoms vår
Men eg er like dum som då eg hadde guterom.
Jau då, eg er då  intelligent (Litt over snittet trur eg omtrent).
Gjev meg misjonen, livsmisjonen, eg skulle greie den.

Men det er altfor mange lause ting…
Tekst: "Lause ting" av Odd Nordstoga

7 kommentarer:

  1. Helt klart tidenes blogginnlegg, og jeg ler godt (spesielt av den første delen).

    Takk for deeet!

    Men jeg lurer litt på hvordan du sier "hei" siden du har transkribert den med en "schwa" og om Nordstoga i virkeligheten uttales "Nurståga"?

    (ødela jeg moroa nå?)

    Jeg synes hvertfall du skal rive ut og henge opp autografen etter eksamen! Da er det vel ikke vits å ha den i boka?!

    Jeg liker stemmen som vil June sitt beste, og at liksom-ABBA ser ut til å synge på norsk.

    Nei, nå må jeg gå å tisse. (hvis noen lurte...)

    SvarSlett
  2. Takk for deeeeeet! Bra at eg kunne more deg, og du ler "spesielt av den første delen" (!) ;P

    Ja, du øydela moroa. Men eg tilgjev deg, for eg tykkjer det er litt morosamt med slurvefeilen Nurstoga ;D Men når det gjeld "Hei", så held eg fast på scwaen. Vi får krangle om det seinare i kveld :)

    ... men sidan vi første er inne på å pirke på kvarandre sine feil, så har du en lang 'å' der det skal vere kort på den rosa lappen (å låne, ikkje åååå låne). HA!

    SvarSlett
  3. ja, nå har vi litt å krangle på ;) schwa my ass ;P diftong lille gjøk! I tell you! vokal meg hit og vokal meg dit! og kanskje jeg bare foretrekker å uttale åen min litt tydeligere ;)

    hvis jeg treff odd skal jeg si "hei (med diftong!) mr nuuurstååååga :p

    Grey's om en time! jippi ;) potetgull og ingrid-dip?

    SvarSlett
  4. Denne kommentaren har blitt fjernet av forfatteren.

    SvarSlett
  5. Korleis får du det til?! Eg bøyger meg i støvet! (Nesten bokstaveleg tala. Det er nok av støv her [eg skal støvsuge innan torsdag], men eg orkar desverre ikkje å bøyge meg i det.) Uansett:

    Du skriv så BRA og MOROSAMT og UNDERHALDANDE og LEVANDE og ENGASJERANDE! Du er blant dei få som får meg til å le og kjenne på alvoret i same innlegg, og som ønskjer at innlegget var langt som ei bok. (Kan du ikkje skrive ei bok med dei geniale tankane dine?! Så kan du legge ved bilete av Odd Nordstoga sin autograf og andre morosame ting.)

    FANTASTISK morosamt, June! :D :D :D Hadde eg vore deg, hadde eg aldri kjeda meg åleine. Zerr lzm.

    Eg vil forresten lese den boka om ho Kaja. Hugsar den saka om ho i fjor.

    Forresten: Stemma Som Vil June Sitt Beste er min bestevenn :)

    SvarSlett
  6. FANTASTISK innlegg!

    Heldig du som har møtt Odd!

    Masse lykke til med siste leseinnspurt!

    Masse masse masse lykke til med eksamen!!

    SvarSlett
  7. Anke: Gjøk meg her, og gjøk meg der. Trur eg skal melde deg for internettmobbing ;P Og eg føretrekk en scwa framfor ein diftong any day!

    Silje: Tuuuusen takk! Så snill du er :-) Korleis får DU det til, spør no berre eg ;-D
    Haha, ja den stemma er min bestevenn òg (i tillegg til Stemma Som Vil Silje Sitt Beste, så klart) ;)
    LES BOKA!

    Kristin: Tusen, tusen takk! :-) :-)

    SvarSlett