Annika-date vol. II
Det var kjempefint, så klart! Tida roa seg i sinnet,
praten fekk flyte fritt, og vi fekk til og med sett
ein klissete valentinsfilm.
... og teke oss ei lita byrunde attpåtil.
Broderen har vore på besøk! Eg kom meg gjennom
eit Burger King-besøk ved å sitte og gnafse på
yoghurtbananchips (nyoppdaga! Det er faktisk betre
enn yoghurtnøtter!) mens Jan-Eivind år på dyr.
Kasta eit par på brettet hans óg då, men det falt ikkje
i smak. ("Det ser ut som eit øyre!")
Dei glade syskena for på DVD-butikk i lørdagsrushet.
Det vil seie; HAN var glad. Eg hatar å vere i sentrum på
laurdagar. Men kva skjedde? Jo, det utenkelege:
HAN drog tomhendt frå butikken, og EG klarte
raske med meg TRE filmar! Verda er bakvendt.
I dag: Fastelavnsbollar med jentene. Kos! Har diverre ingen bilete frå det, av to grunnar:
1) Eg er for lat.
2) Det pågår framleis. (Det seier kanskje noko om min sosiale intelligens? Næh).
GOD MORSDAG, ELIN!
(also known as "mamma")
<3
SvarSlettdet var en god oppfølger av date nr.1!
Ser ut som du har storkosa deg! Det var i alle fall veldig koseleg på fastlavnssamankomst :)
SvarSlettAnnika: Det tykkjer eg óg! Gledar meg til ein tredje ;)
SvarSlettSilje: Eg har kosa meg kjempemykje! Håpar du gjorde det óg :)