Takk for at vi fann sola på veg til skulen i dag.
Takk for det kvite ved heile landskapet,
sjølv om eg elles klagar høglytt over å stampe rundt i skitent slaps.
Takk for ho eg delar leilegheit og klasserom og så mykje meir med,
som alltid ser og spør. Og som kan hjelpe meg
med epos og greske gudar, når eg ikkje skjønar ein skit.
Takk for ein i utgongspunktet ræva dag som snudde seg til det motsette.
Takk for eit jobbkurs eg hadde grua for lenge,
som gjekk så mykje betre enn forventa.
Takk for ho som er på veg til meg no,
som nett sendte melding for å spørre om ho kunne kome
ein tur, på Daim-iskake med daimsjokoladesaussomstivnarpåisen
som vi har restar av etter i går.
Takk for eit vedtak som gjer at eg får éi økonomisk
bekymring mindre.
Takk for følelsen av lett tristheit ved at vi no er
ferdig med lyrikk-delen i det eine faget eg har,
fordi eg har likt den så godt.
Takk for at eg skal få kome på elevkveld på folkehøgskulen
der eg gjekk i fjor, for å vere med Annika og for å møte gamle
kjenningar og bli nostalgisk.
Takk for følelsen av ro.
Takk for ho som tvingar meg til å ete opp knekkebrøda sine, og som skriv så vakre blogginnlegg <3 Nydeleg, June! <3
SvarSlettDet er DU <3
SvarSlettTommelopp!
SvarSlett