Plutselig visste alle det. Lufta som så diskret hadde vorte litt meir kjærleg mot huda visste det; fuglane som ville trille sine morgontrallar att visste det; menneska langs vegen som kunne dele ut små smil i staden for å vende andletet i bakken for å verne seg mot snø og vind, dei visste det òg. Og sola som så varsamt løfta skjerfet av halsen min, og som gjengjeldte blinka mine med auga. Tankane visste det, dei som brått byrja å danse rundt same tid for eitt år sidan, då dette fantastiske skjedde på Hylkje, og ikkje minst eitt år før det igjen - då dette vesle store mirakelet let meg finne seg i Førde. Smilet mitt som ei ramme rundt lukkekjensla i hjartet visste det, Eva Cassidy i Mp3-en som sang om ei vakker verd der ein ser tre som er grøne og raude roser òg, ho visste det - mens ho sang meg ned på ein benk i stilla utanfor fakultetet, og fekk meg til å vurdere seriøst å droppe kollokvia til fordel for alt det vakre. Dei andre menneska, som sat der i roleg kvardagsandakt på ein benk like ved, visste det òg, det kalenderen har visst åleine i tjueto dagar no.
At våren har kome.
Hylkje, våren -09
våren er herlig,lysere tider..mennesker som smiler mot sola..den er alltid velkommen.
SvarSlettLa våren komme,jeg venter så kjært.
Endeleg er våren her! Ikkje så kjempemasse vårveir so langt i dag, men marsregn er no eit sikkert vårteikn likevel :)
SvarSlettJa ikkje sant? Trur det er mi yndlingsårstid, sjølv om alle så klart har sin sjarm. Men det er liksom noko spesielt med den tida då alt og alle vaknar til nytt liv etter kulde og mørke :)
SvarSlettAh du kan å få si det! (morsom setning :P ) Liking it verrrry møtsj!
SvarSlettTakkfordet ;D
SvarSlettDenne kommentaren har blitt fjernet av forfatteren.
SvarSlett