Farvel til bøtte, saltstenger, french fries, saltstenger, appelsinjuice og isolat. Hei verden!
Og våren i hagen!
Verdens deiligaste gåtur, etter nøyaktig ei veke
i strekk innandørs.
Men då eg hadde kome meg i hus igjen:
... kom plutseleg sola!
Og laga påskehanar med skuggane for å lokke meg ut att.
Då vart eg så glad at eg smilte med alle bollekjakane.
Då vart eg så glad at eg smilte med alle bollekjakane.
Så i dag har eg teke bilete frå utsida og inn.
Og vore på oppdagingsferd i hagen.
Men så ville eg utvide horisonten min og ta ein
gåtur NUMMER TO, trass i at eg var småsvimmel
første gongen. På med jakka, og ut i vegen!
Der møtte eg eit forfengeleg tre.
Eit løvetannbarn.
Og eit pinnsvin som låg på alle fire ved sidan av vegen.
(Du trudde det var eit pinnsvin du òg, sant? Eg var heilt
sikker på det, og var på veg ut i grøfta for å gje munn til
munn. Så såg eg at det berre var eit stykke jord med mose på.
Men her ser det berre ut som eit strykejarn
som har kome heilt ut av kontroll.
Då eg kom heim låg lisjepusen i vant positur.
Noko som så altfor ofte inviterar til...
Og penn-i-øyre-moro. Eg skuldar på mamma, som
ikkje gav meg småsøsken.
Men eg kan jo ikkje vere sur på ho, for:
... ho spanderte gratulerer-med-å-ha-matlyst-
igjen-snop på meg.
Og då vart eg så glad.
Er ikkje eg ein flink påskebloggar som har skrive KVAR dag i april (minibølgje for meg), og til dette innlegget lasta opp TJUENI bilete for dykk? Mens alle andre "toppbloggarar" tek ferie, tek den eigentlege toppbloggaren ALDRI ferie! Håneidu. Eg må jo halde oppe kvaliteten for alle mine fans.
Apropos det, her fåt du trafikken på bloggen dokumentert i tal:
Onsdag 31. mars: 17 klikk
Torsdag 1. april: 20 klikk (aprilsNARR! Må heilt sikkert MINST legge til tre nullar. Aprilssnerr...)
Fredag 2. april: 20 klikk
Herreguuud, fortset det sånn, må eg snart skifte identitet, bygge ei flåte og rømme til Mexico. Veit ikkje korleis elles eg skal forholde meg til all denne publisiteten.
(PS: Eg håpar at dataen til dei som klikkar innom to eller fleire gongar per dag, eksploderar. Elles gjer eg det. Nei - imploderar, faktisk! Og det er verre. Høyrer du, Henriette? Eg må ha OVERSIKT!)
Fortsatt god jul.
<3 Ok, bortsett fra siste del (hvor jeg mistenker at et sarkastisk bloggmonster overtok for June en stund (les: Nugattimonsteret) synes jeg dette var en nydelig og hjertevarmende innlegg:
SvarSlett1. Du er frisk(ish)
2. Saltstangbokstaver! Nice (åh nå fikk jeg lyst på magnetpoesi (av en eller annen grunn))
3. Vår <3
4. Sol (det har det vært her idag også og jeg har sittet på verandaen, drukket kaffe, spist bløtkake og smilt til sola med mine nye morsomme solbriller (som Inger og jeg kjøpte like av (så vi kan tenke på hverandre hver gang sola skinner og vi blir lykkelige) (ok det i den siste parentesen fant jeg på nå, men jeg skal likevel leve etter den regelen, for jeg synes tanken var ganske så hyggelig) (og ja, hvis du lurte så var bløtkaka veldig god!))
5. Folk som ikke får bollekinn når de smiler er UT! Da bare juksesmiler de tenk!
6. "bilete frå utsida og inn" I'm loving it! (gjemt metafor?)
7. Oppdage på nytt hver eneste vår! True story! Det BESTE!
8. Du vakre, smilende, dendrofile supervenninne!
9. Jeg lurer på hva klesklyper tenker om vinteren, der de henger forlatt på en frossen snor.
10. "Der møtte eg eit forfengelig tre" Du får sakt det min venn!
11. Løvetannbarn :)
12. Ja, jeg trodde et øyeblikk det var Gustav!
13. Håper ikke mitt strykejern blir en mosedott. Det kan heller få lov til å bli et pinnsvin! Åh, hallo, hvorfor er det aldri noen som har designet et strykejern som ser ut som et pinnsvin??? Patent?
14. Katteglis LOL
15. Idag prøvde katten vår seg på fugleburet. Fuglen gav fra seg noen skrik og katten falt i gulvet og pilte under sofaen. Belle følte seg nok ganske høy på pæra da! Artig!
16. Mmmmmm sjokolade!
17. Anke, på tide å legge seg?
Hva, nå som du ennå er i dialog med deg selv?
Ja, tror du ikke du har spamma kommentarfeltet til June nok nå?
Jo, kanskje...
Hmmmm....
Ok.
God natt.
Olivenjus!
Hei! Eg skjønar ikkje kva du meinar? Ditta får vi snakke om på båten i mårå. For du reiser vel i mårå halv 5?
SvarSlettNei, det gjer du nok ikkje ;P Og sorry mac, eg reiser tysdags morgon :/
SvarSlettOg Anke (herregud, eg gløymte å kommentere kommentaren din først): GLADBOKMATERIALE! Du er dronninga av kommentarfeltet :) Takkfordet!
SvarSlettHaha, fantastisk! :D
SvarSlettTakk skal du ha :) (føler at takkfordet har vorte oppbrukt for ei god stund sidan)
SvarSlett