Etter nesten ei veke åleine i leilegheita, og pakking og vasking i slow motion, byrja eg å bli litt lei. Du veit sånn åleine-lei-i-leilegheit-lei. Men så fekk eg besøk av ein liten ven og hans mor, som skulle frakte meg ut av elendet. Det vart ein heidundrandes biltur som tok nesten eit halvt døgn til saman, moglegens skulda eit lengre stopp i Åsane for IKEA-(tortur)shopping, McDonald's (HEI, ikkje DØM!) og førti-prosent-avslag-på-alt-i-butikken på Cubus.
Men sjåføren hadde i alle fall alt under kontroll.
Sjekke lysa, det er viktig.
Han hadde sitt på det reine (bortsett frå då han æsja i bleia) både til lands og til vanns.
Så kom eg meg endeleg heim, og det første som møtte meg var 1 stk tynn og rar katt.
Eg mistenker mamma for å ha fora han utelukkande med Nutilett Shake og epleskrottar sidan sist eg var heime. Ho innrømmer inga skuld, seier berre, når eg kommenterar tynnheita hans, at "han har sikkert kreft. Får håpe det".
Andre dialogar i serien:
June: "Sjå på pusen då mamma, er han ikkje fin?"
Mamma: "Nei, han er stygg. Og slem".
Eg sler meg til ro med at kaloriforbruket må ha auka dramatisk med det at han prøvar å parre seg med mor si døgnet rundt, og følgjeleg blir jaga rundt som ein ... som prøvar å parre seg med mor si døgnet rundt. Av både ho sjølv, og dei øvrige bebuarane i huset, som har sett seg lei av fresing, mjauing, kloremerker og ei kattemor med posttraumatisk stressyndrom.
Ho har fått tildela frisone på rommet mitt,
der gjerningspersonen er bannlyst.
...
No er eg post-nattevakttrøtt, men gidd ikkje legge meg, for ein skal ikkje sova bort verken sumarnatta eller -dagen. I dag er sommarsolkverv, og sidan solsnu 21. desember er ein gledens dag for meg, er følgjeleg denne dagen litt vemodig. Men det er lenge til det merkast noko til enno, heldigvis. Enno er det lyst når eg legg meg og når eg vaknar, enno er allting grønt og lufta lada av dufter, enno har sommaren omfamningar i fleng å gje oss. Ja. Lenge enno.
Søte pusekattene! Får meg til å savne mine.
SvarSlettApropos innlegget under... hvor langt kom du med rubiks? jeg holdt på med den i vinter, til stor frustrasjon, så klart.
Ja, dei er herlege :)
SvarSlettHaha, ikkje så mykje lenger enn du ser på biletet! Frustrasjonen tok meg til slutt, og sidan eg nektar å bruke jukseoppskrifter frå nett, får det bli eit livsprosjekt det der.
Haha, da du skrev at slo deg til ro, trodde jeg det sto at "eg slo til ho" (som i: June slår til Elin). Det kræsja litt i huet mitt gitt! Kanskje jeg har fått solstikk (siden jeg har sittet ute i sola og lest hele dagen, i stedet for å jobbe... hysj!) Igår var Ina og jeg på tur til Bogstad Gård! Da tenkte jeg på deg! Og det er Ina som i Bergens-Ina! Fikk ha henne på overnatting fra lørdag til søndag tenk! Så heldig er jeg!
SvarSlettMen nok om meg...jeg skulle vel egentlig si: lisjepusen din er en raring, men jeg håper han ikke har kreft. Ellers håper jeg du koser deg masse i heimen!
Haha, du skriv så morosamt! :D Håpar du har det bra i Bre(lett)mang(l)er.
SvarSlettAnke: Haha, eg likar ikkje å ty til vald, men når det gjeld ho Elin kan eg alltids gjere unntak ;D Neida.
SvarSlettDet er BRA at du les i staden for å jobbe! Sommaren er til for slike dagar der ein les frå sola startar sin boge til den når endestasjonen.
Ååå, så kjekt! Skulle ønske eg var der :) Eg kosar meg, håpar du gjer det òg!