Sider

lørdag 17. juli 2010

Veka


  • Nattevakt- og kattemandag: 


 Har vore kattevakt for desse to kompisane i over ei veke;
gjev dei mat, tømmer kasse og passar på at dei ikkje tek
livet av kvarandre.




Frå venstre: vondskapen sjølv
Frå høgre: dødsblikket

  •  Blåklokketysdag:

 
 Eg elskar blåklokker. Trur det er yndlingsblomen min.

  •  Pledd-i-hagen-onsdag:


 Eg skulle ønske dette var ei sånn "og så låg eg på pleddet i hagen og las bok frå
sola sto opp til den gjekk ned"-historie, men det er det ikkje. Det er heller ei 
"eg fekk endeleg somla meg til å fare ut i sola, så kom eg på at eg kunne 
ligge på pledd med ei bok, så kom eg på at dèt var bloggmateriale, 
så det vart ti minutt med 'ta bilde av meg mamma, ta bilde av meg!'
før sola gjekk ned og det vart kaldt og eg gjekk inn igjen"-historie.

  •  Gå-ut-torsdag (ja, du las rett. Eg vart med ut. Vors og så Havly til tre om natta. Og eg hadde trudd det ville bli ei "eg blir berre med ut for å kunne seie når folk spør meg kvifor eg ikkje går ut, og eg svarer at eg ikkje likar det, og dei då seier 'korleis kan du vite det når du aldri har prøvd?', at 'no vart eg med og har bevist det: eg likar det ikkje"-historie. Men eg hadde det faktisk kjekt. Lo masse av alt folk gjorde (ei av gledene ved å vere solo-edru (ikkje "solo-edru" som i at eg drakk solo, men som i at eg var åleine. Eg drakk faktisk pepsi max) på bygdefest. Og eg kosa meg masse med vennane mine, traff igjen folk eg ikkje har sett på lenge, følte meg friteken frå "ho som aldri blir med på noko"-stempelet for ein kveld. Så får det berre gå at eg av og til føler meg som eit romvesen blant "massen" her i bygda (det er det sikkert fleire som gjer, sjølv om det ikkje ser sånn ut. Ein kan jo ikkje sjå det på meg heller), og at eg kunne ha vore flinkare til å snakke og slikt. Det er heldigvis alltid noko ein kan gjere med sånt: øve seg på det. Av og til kan eg bli så veldig trist når eg tenker på korleis eg har isolert meg frå "dei andre" tidlegare. Det hadde jo ikkje trengt å vere sånn. Men det visste eg ikkje då, og eg kunne ikkje vere anna enn den eg var. Og er. Uansett: Eg synest det at eg vart med i går er eit steg i rett retning, og gjev meg sjølv eit klapp på skuldra for det.
  •  
  • Kinderegg-fredag:
 Broderen banka på døra mi, stakk hovudet inn og sa:
"I come with gifts!". Herleg.

5 kommentarer:

  1. Trampeklapp for June! :)

    SvarSlett
  2. Så god du er, Kristin! Trampeklapp for deg òg ;D

    SvarSlett
  3. Du er så flink June! Og det gledar meg å lese at du hadde det kjekt på torsdag :) Og sånn btw; Eg ser ikkje på deg som "ho som aldri blir med på noko". Du er jo oftast med på alt anna :)

    SvarSlett
  4. Seie meg einig med Henriette :)
    Vart det fleire gullkorn i løpet av kvelden? Eg fekk berre med meg dei vi kom med på vors ;)

    SvarSlett
  5. Henri: Tacker og bucker :D Kjekt at du ser det sånn.

    Martine: Gakkar og gukkar :) Haha, eg gløymde heilt å tenke på å skrive dei ned etter vors!

    SvarSlett