Juli 2010 er over og kjem aldri tilbake. Det er rart å tenkje på. Sånt pleidde eg å tenkje mykje på då eg var mindre, men ikkje no, og det er trist å tenkje på. Ein må aldri slutte å tenkje at "det er rart". For då har ein vorte vaksen. Og skikkelig vaksen skal ein aldri bli, trass i at ein fylte tjueein niogtjuande juli. Og aldri igjen skal oppleve å vere tjue år.
For den dagen det skjer, har ein nemleg tapt noko viktig. Men sidan det "å vere vaksen" ikkje eksisterar som anna enn ein illusjon i eit barnesinn, har ein ingenting å bekymre seg over. Eg trur eg kjem til å vente på den kjensla av "å vere vaksen" - den eg som barn såg i alle vaksne rundt meg - så lenge eg lev. Eg vil alltid vere meg. Det blir berre lagt til fleire lag ved kvar alder. Mykje nytt kjem til, men eg trur ikkje at noko forsvinn heilt. Det er der i meg, ein stad. Tankane eg tenkte då verda var flunkande ny, gleda over ei sklie på ein leikeplass, tenåringsdraumar. Guri så rart å snakke om tenåra som om dei var over. Men det er dei jo. Sytten atten var sirupsseig, men nitten tjue trilla lett som ein glad latter gjennom livet mitt.
Lurer på kva tjueein vil bringe? Eg seier i alle fall velkommen! Sjeldan har eg vore så avslappa angånde det å verte eit år eldre enn denne juli. Noko har kome til meg som eg trong. Og takkfordet.
Mamma kommenterte dette innlegget ved matbordet i dag :p Ho syns du har mange gode poeng, og etter å ha lese det, er eg heilt einig! I tillegg avsluttar du med nokre nydelege bilete! <3
SvarSlettPS! Er det ikkje på tide at eg og du snart får barn? Me har jo vore saman ganske lenge lzm.
Herleg! Les mor di bloggen min altså? Nei no vart eg kry ;)
SvarSlettHaha, jau det synest eg, far! den biologiske klokka di byrjar jo å tikke noko heftig! Namneforslag: Gut = Odd, jente = Nazreen ;D
Ja, ho kikkar innom av og til :)
SvarSlettHahaha, eg elskar namna! Kva med dobbeltnamn, eller kanskje trippel? Else Nazreen <3
ma sjekke:)
SvarSlett