Sider

søndag 8. august 2010

Me, myself and I

        
What is your current obsession?
Ellen Show (Ellen DeGeneres i seg sjølv!), kjærleikshistoriar, brevskriving, blogglesing, lange sykkelturar, brudebilete (av Ellen DeGeneres, for eksempel), Taylor Swift-songar, diverse bær med vaniljekesam, So You Think You Can Dance-videoar på youtube og drøyme om at det er eg.
 
What are you wearing today?
Den nye gammalrosa skjorta i romantisk stil som eg kjøpte i Førde forrige torsdag,
svart haremsbukse, svarte sokkar, Malin sine tøfler, undertøy lilla singlet, brun hårbøyle
som liksom er ei flette (folk trur eg har fletta håret mitt sånn perfekt, så det funkar som f)
og eit trøytt tryne.

Do you nap a lot?
Nei, eg har prøvd å unngå det etter at helsesøstera på vidaregåande sa at det
ikkje var så bra. Dessutan blir eg heilt vrak om kvelden dei få gongane eg gjer det.
Men no når eg jobbar så mykje som nattevakt, blir det ein del cowboystrekkar, ja.



Why is today special?
Alle dagar er jo - eller i alle fall bærer i seg potensialet til å vere - spesielle, då.
Men bortsett frå det så veit eg ikkje heilt. Det er søndag, og eg er ikkje så glad
i søndagar. Dei stiller så høge krav til deg, paradoksalt nok. Eg likar best kvardagane.  

What would you like to learn to do?
Slå hjul! Det har eg alltid hatt lyst til å lære. Tilbyr nokon eit lynkurs i det?
Eg kan betale! Elles: spansk flytande, heile Cavatina på piano, føle seg meir
sikker på ting og tang, sjonglere.

What's for dinner today?
Fisk, trur eg.

What's the last thing you bought?
Vaniljekesam og Nutrilett bar (fordi det er godt, altså. Er ikkje sånn at eg
et det i staden for middag eller noko. Det er eit tillegg, som ein sjokolade.
Og eg synest dei er så gode, desse barane. Likar den seige konsistensen.
Forsvarstale slutt)

What are you listening to right now?
Mamma som snakkar i telefonen og ein
pose-lyd frå rommet til broderen. Og ein bil
utanfor glaset.

What is your favorite weather?
Opplett, passe varmt slik at brisen føles ut som eit tynt tynt
sjal flyt langs huda di, veksling mellom sol og skya slik at ein
blir så glad når sola tittar fram og ettertenksom når den er vekke.


What is on your bedside table?
Klokkeradio, duk, lysholder, lypsyl, Lerkehjerter. Vildresinn. Alvemål
av Margaret Skjelbred, pinsett, hårspenne og julekort frå pappa.

What's your style?
Søt. Likar eg å tru, i alle fall. Eg likar søte kjolar, søte sko, søte toppar
og så vidare. Søte og romantiske klede og ting. Sommarfuglar i håret og
kvite strømpebukser. Eg bryt med denne stilen tusen gongar, men
det er den som ligg i botn.

If you could have a house totally paid for, fully furnished anywhere in the world, where would you like it to be?
Vanskeleg. Eg ville eigentleg seie ved Grotlesanden eller på Stranda der Momma bur,
men noko av magien ved desse stadene er minneskyllet eg opplever kvar gong eg kjem
dit, noko som vil forsvinne dersom eg er på desse stadene kvar dag. Dei mest magiske
stadene ein har, treng at ein kjem frå ein stad og til dei.
No veit eg det: Hardanger! Har aldri vore der, men har sett bilete, og fy SØREN.
Eg er nasjonalromantikknarkoman.

Favorite vacation spot?
Heime, vel. Eller ein liknande stad med vakker natur og
passeleg temperatur.

Name the things you cannot live without.
Ting? Då reknar eg med at sånt som familie, vener, mat og luft er utelatt.
Data, skrivebok, skrivesaker, mp3, bøker, mobil, sykkel, kamera, bilete.

What person would you like to have in your hands right now?
Momma.



Liste henta frå: hjartesmil





3 kommentarer:

  1. Good post and this enter helped me alot in my college assignement. Say thank you you as your information.

    SvarSlett