Sider
torsdag 12. august 2010
På garl'n
Eg er på ein gard langt inni Finnskogen. Til frukost et eg heimelaga brød med heimelaga sylte på og drikk heimelaga saft til. Det første eg ser når eg opnar gardina om morgonen, er lukkelege sauar som ligg inntil kvarandre med auga att eller myser mot dagen. Eg matar sånn tjue kaniner etter frukost, og så går eg vidare til geitene. Til middag tilberedar eg salat frå hagen. Det er stillare enn stilt her, og eg veit ikkje kor langt det er til næraste nabo. Bonden er ei kjempetriveleg dame, og har funne fram ein eldgammal pc og fått meg på nett, utan at eg kunne funne på å spurt om det. Eg går i støvlar heile dagen med gårdskatten i hælane, og har arbeidet styrt av veiret. Naturen sine lydar og ingenting anna er i øyrene mine, eg har skjønt at her er korn lik "kødn" og gard lik "garl", og eg skal skrive meir når eg kjem tilbake om ei lita veke.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
hva gjør du der? ferie eller gårdsbesøk? uansett hørtes det fint ut!
SvarSlettHøyres ut som om det passar midt i blinken for deg! Gledar meg til å høyre meir når du kjem tilbake :)
SvarSlettSkal skrive eit eige innlegg om det når eg får fordøya det litt :)
SvarSlettLykke til med første skoledag og ny leilighet og alt det der! Idag faktisk!! Oioioi! Spennende!
SvarSlettHehe, hai-tourettes :P
Duh, nå må du huske at det faktisk var vinter her nede da vi ankom! (alt er liksom omvendt her...selvom klokka spinner riktig vei fremdeles). Så selvom det ikke er norden-vinter, og selvom sola skinner, så skal man kle på seg klær. Pluss at isolasjon og varmeovner i hjemmet ikke er en vanlig greie her :P Dessuten gikk sola ned tidlig da vi kom (type 5ish. Nå blir det ikke ordentlig mørkt før 7ish)
Så først nå går vi mot vår og varmere vær (selv om vi har vært dritheldig så langt og nesten bare hatt sol!), og de neste månedene vil by på lange dager i t-skjorte og skjørt :D