Sider

lørdag 30. oktober 2010

And we are all connected to each other

Vi er ein familie. Vi er ein familie som held hendene hardare, men mjukt, saman når nokon fell ut av ringen. Vi gjev ikkje slepp før vi må, og eigentleg ikkje då heller. Dei som flyr vekk når hender må skilje lag, er aldri lengre vekke enn ein tanke eller neste hjarteslag. Vi er ein familie. Vi ser til kvarandre, med blikk som slektar på kvarandre og speglar kvarandre. Vi høyrer på einannan. Høyrer på stilla mellom ord, høyrer dei andre sine steg og kan skilje dei frå kvarandre i alle verdas trapper; vi går ved sida av kvarandre uansett kvar vi er. Vi kjenner kvarandre. Kjenner vår felles og forskjellige historie, kjenner dei unike fingeravtrykka i hendene som held saman. Vi er ein familie. Vi er støypt i same form, kanskje døypt i same døypefont, kanskje har vi gått same skuleveg. Vi er born som har vakse inn i kvarandre sine liv og gjeve nyansar til vår felles pust i historia. Vi er éi historie, og mange historier i eitt. Vi er ein familie. I ringen vår blir det ein hol når nokon brått må sleppe taket, og vi blir slynga ut i det tomme rom og meiningsløyse, men vi har tid. Vi har tid til å finne kvarandre sine hender igjen, og vi har armslag. Og kanskje finn vi kvarandre sine hender i ein liten sine hender, glatte, mjuke. Vi har alltid rom. Rom for både vevre hender med mange rynker som held mjukast av alle. Rom for glatte, små, nye fingrar som klamrar seg til veslefingeren. Vi er ein familie og vi vil alltid krinse rundt kvarandre sine liv. 

 

4 kommentarer:

  1. Aww :)
    For en nydelig baby!

    SvarSlett
  2. Nydelig: ord og bilde! Ordene flakser som de vakre sommerfuglene som bor i deg. De trives der og speiler seg i alt du skriver.

    SvarSlett