Sider

søndag 10. oktober 2010

Brevpapir

Presenterar: brevpapira mine, som eg har hatt sidan alltid. Og som eg no har bestemt meg for at er på tide å bruke. Kanskje på deg? Når eg har tid. Kor tid det no blir. Kanskje eg rett og slett må ta meg tid. Det gjeld forresten det meste no om dagen. Sjølvet er truga.



No når eg har teke nærbilete, forstår eg kvifor dette brevpapiret her alltid vekker gode kjensler på ein litt ubestemmeleg måte. Det er nemleg ikkje ubestemmeleg i det heile teke. June elskar akvarellar. June elskar blå. June elskar kattar. June elskar glas. June elskar kattar i glas med blå glaskarm i ein akvarell.

Denne fekk eg av mamma og broren min etter at dei hadde vore på laaang reise til Måløy (ferje i ein halvtime frå øya der vi bur) då eg var kanskje ti år. Sløyfe <3

Frå ei klasseveninne i bursdagspresang då vi gjekk i femte-sjetteklasse. 
Blå <3 Delfinar <3


Det er så trist dersom ungar sluttar å drive med sånt. Eg er ein unge som aldri vil slutte i alle fall.
Og brevpapir er ikkje skapt for å støvast ned i ei hylle. Eg har vanskeleg for å gje slepp på ting som representerar personar eller epokar eg har vanskeleg for å gje slepp på, men no er tida inne til å late desse oppfylle sin lagnad.

5 kommentarer:

  1. <3 Jeg gleder meg til brev! Men ikke stress med det. Ta det når hjertet har ro og tankene ønsker det. Eller omvendt. Eller begge deler. Når du føler at tiden strekker til, på en god måte :) I mellomtiden blir jeg glad for pludring på email, om alt og om ingenting! <3 <3 <3

    SvarSlett
  2. Du er så fin, du <3 Og seier akkurat det eg treng å høyre akkurat no utan å vite det eingong.

    SvarSlett
  3. Du får veldig lov til å skrive brev til meg <3

    SvarSlett