Sider

torsdag 25. november 2010

Kjære UiB

Det er mykje eg likar ved deg. Eg likar at innanfor di boble er hausten vår, fordi det er då alt byrjar. Eg likar at du gjev meg anledning til å få studere noko som ligg mitt hjarte så nær, og at du er full av middel til å nå mål. Eg likar kantinedamene på fakultetet, og eg likar do-litteraturen på veggane (som har heva seg eit par hakk sidan ungdomsskulen, kan du seie).


Eg likar engasjerte forelesarar som evnar å kome med oppsummerande setningar på forståeleg språk etter lange sitat ("altså, det Foucault mener er..."), eg likar den sitrande kjensla ved å gå gjennom verk som har behaga meg særskilt godt, eg likar treet på midten av skuleplassen.

Men no må eg diverre fortelje deg noko litt trist, kjære UiB. Det er nemleg noko eg ikkje likar.

Eg likar IKKJE tvetydig, nei - fleirtydig - informasjon, eller (som normen ser ut til å ha blitt i mange tilfelle) fråvere av informasjon. Eg likar ikkje når det blir tatt for gitt at eg kjenner til alle moglege fagemne og -kodar når eg eigentleg har berre lyst til å plassere ein lapp i panna: "eg veit ingenting, og forstår ikkje det som står på nettsidene, ok? Informer meg". Eg likar ikkje når forelesarar tek for gitt at eg kjenner heile litteraturhistorien like godt som mi eiga hovudpute, og har lese ALT pensum NØYE til kvar forelesing.

Og kjære, kjære UiB, min andre heim i snart eit og eit halvt år: når eg har lagt ned fleirfoldige timars arbeid i ei semesteroppgåve. Lese side opp og side ned om postkolonial og feministisk kritikk; slite meg gjennom Bloom og autonomiestetikk, Butler og queer-teori, Achebe sin kritikk av Heart of Darkness og Tompkins sin av Onkel Toms hytte; når eg har gjort meg fortruleg med slike termar som "subversiv", "diskurs" og "binære opposisjonar, og snekra saman ei oppgåve så tett opp til oppskrifta som eg har klart å kome, med ei - i følgje kollokvieleiar - "nærmest eksemplarisk innledning" (1. Tema/emne, 2. problemstilling med motivasjon, 3. tekstutval, 4. disposisjon) pluss hovuddel (diskusjon, svare på problemstillinga, sortering, dersom historiske detaljar skal vere med må dei tene til eit føremål, STRUKTUR) og avslutning (ikkje presenter nye moment, kommunisér med innleiinga). Når eg har finpussa, lese dei hersens avsnitta om att og om att, skrive litteraturliste etter den obligatoriske Harvard-stilen, lasta ned PDF-creator for å tilfredsstille ditt krav om å levere digitalt i PDF-fil, og endeleg skrive ut dei to eksemplara og stifta dei saman, og du då seier:

Oppgaven skal leveres både på Mi Side og i to – 2 – papireksemplarer.
Papireksemplarene leveres på instituttet innen samme frist som den elektroniske
versjonen. Papireksemplarene skal leveres i den grønne postkassen merket ”Innleveringer” som henger i gangen i 4. etasje i HF-bygget, like ved toppen av trappen. Ikke bruk plastmapper eller andre typer omslag på oppgavene, slike omslag blir ikke sendt til kommisjonene. Bruk bare en stift eller binders øverst i venstre hjørne.

Kjære UiB, du kjenner ikkje meg (for du er like personleg som ei bankutskrift), men eg er ei jente som likar orden. Eg likar at ting heng i hop. Dei er nærliggande å tenke at eg kunne ha lagt dei to - 2 - papireksemplara i ei av dei gule plastlommane eg pleier å bruke for at ark ikkje skal dette frå kvarandre eller bli åtskilt, når eg til dømes må dumpe dei ned i ei postkasse der x antal andre studentar pjåtar oppgåvene sine nedi. Faktisk er det nettopp dette eg hadde gjort, om eg ikkje tilfeldigvis hadde funne denne informasjonen i jungelen av eksamensinformasjon på instituttet sine sider, der det i mappa merkt "eksamen" ligg noko sånt som fire hundre filer, fordi informasjonen til alle studiane som kjem under "Lingvistiske, litterære og estetiske fag" ligg der.

Så, UiB - min ven - om eg hadde nytta mi gule plastlomme, og kanskje i tillegg (GUD FORBY) stifta dei to - 2 - papireksemplara saman i HØGRE hjørne, og eksamensoppgåva mi ikkje hadde blitt sendt inn til sensur av den grunn, då hadde eg mulegens vore nøydd til å ta den firkanta hjernen din og sendt den inn i næraste slipemaskin minst to - 2 - hundre gongar.

Her er for øvrig det eg skulle analysere. Tjuefem sider til saman, kanskje.

Her er det eg måtte/valde å lese for å kunne analysere det.

Her er resultatet. Faen, oppgåvetittelen er tvetydig. Jaja.

Ja, eg har eksamen. Ja, eg er lei av universitetet når eg har eksamen. Ja, eg skal bure meg inne i to veker no for å ta igjen alt det tapte sånn at eg har noko vetigt å kome med på dei to siste eksamenane, og ja, det vil nok gå bra denne gongen òg. Og visst ikkje, så får eg ei ny erfaring.
.............

 Det UiB ikkje veit eller ser, er at bindersane øvst i venstre hjørne på dei to - 2 - papirutgåvene
ikkje er streite, metalliske, kalde, vanlege. Dei har fargar. Dei er grøne.

Kjære UiB: Du kan ta frå meg kreativitet, alle teikn til munnlege formuleringar, eigne meiningar og skrive- og livsglede for ei stund.
Men bindersen min får du aldri.

6 kommentarer:

  1. Enig med deg med tanke på informasjon. "Værsågod, bare begynn å let - forhåpentligvis finner du ut alt før eksamen!"

    For min del gjør jeg det slutt med UiB i desember - i allefall for et år. Vi kom ikke så godt overens, vi. Jeg er visst ikke universitetsmateriale. Ikke ennå, allefall.

    Lykke til på de to neste eksamenene!

    SvarSlett
  2. Hurra for June og grønn binders!

    Nina

    SvarSlett
  3. June, du er berre heilt FANTASTISK! Enkelt og grett :D

    SvarSlett
  4. Eg E so GLAD I DEG JUNE!

    SvarSlett
  5. Solveig som er våken kl. 4 om natta26. november 2010 kl. 04:10

    Akkurat det eg trengte no når eg sitte her og skriver på bacheloren som skal inn i morra kl.15.00. Ikkje plastmappe, men stift. I venstre hjørne! Amen

    SvarSlett
  6. Er ikkje dåkke fine vel?

    Mariann: I desse trange eksamenstider vurderer eg seriøst eit break-up sjølv. Lukke til med kva enn du skal ta til med!

    Nina: Takker! Hurra for deg òg :)

    Martine: DITTO!

    Malene: Så glad i dæ <3

    Solveig: Oj, bachelor! Heftig. Masse lukke til med det :) grøn binders til verda!

    SvarSlett