Sider

torsdag 30. desember 2010

Årskavalkade

Har lagt merke til at alle bloggarara med respekt for seg sjølv må snekre saman ei slags oppsummering av året. Eg kan sjølvsagt ikkje vere noko dårlegare. Advarsel: meiningslaus info kan førekomme.

JANUAR:

I januar hadde eg date med finaste Annika, der vi snakka om livet&sånn over ein betre middag. Ein dag skal eg huke denne jenta til Bergen for godt, i alle fall nesten. Ho er verdt å vente på.


FEBRUAR:

I februar stappa eg ein fitnessball under ponchoen, fekk ein ny firbeint kompis som utøvde psykisk terror mot meg utanfor glaset, Anke sølte kaffipulver på golvet og var ikkje så glad for det, Runa var granateplegudinne, og eg fekk vite at søstera mi hadde ein liten luring i magen (på vinteren sin siste dag).


MARS:

I mars laga Ingrid bananmuffins. Og det er alt eg hugsar.

Ved nærare ettertanke så skjedde det jo eit par andre ting óg. Eg fekk meg deltidsjobb som servitør, for det meste på Brann Stadion (lol), der eg lærte meg fargerike uttrykk fulle Bergensmannfolk har for å spørje etter toalettet ("Vet du kor eeg kan gå for å sile potenene, ellår?"). Momma fylte åtti, eg og Henri aka på Fløien og Ingrid måka snø og skreiv fine beskjedar utanfor glaset.


APRIL:
 
Eg hadde spysjuka, lakka neglane blå og planla verdsherredømme saman med katten. Elles hadde eg gissekonkurranse på kor langt håret mitt var, og feira bursdagen til Silje med Egonmiddag og forsøk på heliumstemme.



MAI:

Eg gjekk fleire åleineturar til Fløien og fekk nye, hardbarka vener. Vidare baka eg natronkaker med Runa, stakk hovudet i vaskemaskina, og tok oppvasken saman med Anke etter vel overstått eksamen i eldre litteratur og poetikk frå antikken til 1700.

Og såg endeleg at våren verkeleg var komen til Bergen.

 JUNI:

Vel overstått munnleg eksamen, og påfølgjande feiring beståande av grilling saman med hjartefolket. Vi spelte kort, og eg og Henri var barnlege.


Eg var på Natur og Ungdom sitt Spa'tak-seminar i Oslo ei helg, for å bli budd på livet som gardskjerring den påfølgjande sumaren (eit opphald eg kjem tilbake til i eit eige innlegg før du veit ordet av det). På toget fann eg Jesus i setet framfor meg.

Du ser han, sant? 


JULI:

Eg var kattevakt og barnevakt, låg langsame timar i graset på eit pledd og las bok, fylte tjueein - men hugsar ikkje kva eg gjorde den dagen, og tilbrakte herlege dagar hos Momma mi.

AUGUST:

Eg fekk solstikk, hadde besøk heime av eldste bror og dei to tantebarna eg på dåverande tidspunkt hadde (no har eg tre), var utplassert på ein gard i Finnskogen i ei svært lærerik veke (som sagt, eige innlegg kjem), bada i sjøen heime, flytta inn i ny leilegheit med nye herlege jenter, der eg sov på madrass i eit umøblert rom lenge, og hadde det ganske fint med det, bygde leksepult av pappkasser og pynta meg til innflyttingsvors.


SEPTEMBER:

(No informerte Google Account meg akkurat om at bloggen er full - altså at eg ikkje har meir lagringsplass - og at eg må nytte fem amerikanske dollar for å få fingrane i tjue nye gigabytes. 
Av og til skjønar eg ikkje at eg held ut.)

Okei, fem dollar fattigare, og no var det september, ja. 
Eg inviterte Henri og Martine til særs mislukka veggisburgerar, men vi vog opp med kortspel, lakrissnøre og Justin Bieber. Eg og Silje hadde kortlagingsverkstad, og eg vart tante til Norah Jones, og tilbrakte ein del tid med ho.


OKTOBER:

Eg tende lys i glasa mine, og synest det var ganske fint, kasta lauv med Henri, byrja å jogge, og likte det (!), var naturmytisk saman med Runa på ein Fløientur, der vi snakka om tussar, troll og at det fins for få filmatiseringar av norske eventyr. Finaste Eirin var på besøk heilt frå Trondheim; vi laga pannekaker med blåbærsylte, var på Japan-dag på studentsenteret, og såg Dirty Dancing, Sleepless In Seattle og sånne filmar. Eg lakka neglane lilla.

Å, og så fekk eg endeleg hengt opp nattlampa mi.


NOVEMBER:

Las til eksamen. Var på lysfest.


DESEMBER:

Fann ut at kjolar som eg ikkje lenger trudde passa, passa. 
Ja, og så var det jul, då. 
Resten får du finne ut sjøl. Dette har teke altfor lang tid.


5 kommentarer:

  1. <3 Fantastisk innlegg! Se så mye godt året har bragt med seg!! Du glemte forresten noe i juni/juli-måneden: "sendte Anke til Afrika". Viktig å få med MEG i innlegget altså! Du kan eventuelt anonymisere meg til "Geir" istedet (siden du er så glad i meg).

    Jeg bare tuller! Jeg elsker innelegget akkurat som det er! Haha, hadde glemt oppvask-oppsamlingen vår i eksamenstiden! Legendarisk!

    Åhhhh, bananmuffinsene til Ingrid! Dem savner jeg!

    Gleder meg til å ta til på et nytt spennende år med deg snuppelure!

    SvarSlett
  2. Takker <3 tok årskavalkaden ut frå bileta eg hadde i mappene for kvar måned, og eg fann ingen bilder i juli av ei afrika-flyrumpe, så då vart det visst sånn som det her :) gler meg MASSE til eit nytt år med deg óg, Geir!

    SvarSlett
  3. FANTASTISK!!! <3

    Mange gode minner, og eg smilte meg verkeleg gjennom dette innlegget.

    SvarSlett