1) Ein liten frelsar er fødd, som skal dø for alle syndene våre og redde verden; hurra!og:
2 ) ... så vi kjøper elektriske tannbørstar og legg inn i glorete papir og stikk det under eit myrda grantre vi har i stova, og ber kvarandre dra til helvete på ikea 2000 år seinare; hurra!Sorry, men eg gidd ikkje. G Å V E! Smak på ordet. Ei gåve kan vere eit heimelaga bakverk, eller berre ei oppskrift for den del. Det kan vere eit gåvekort til ei mor på to oppvaskar og ein husvask i jula. Eller det kan vere eit fint kort, eller ein søt pynte-engel (som til ditt hell kosta tjue kr på nille; det er ein BRA ting). Ei gåve kan òg vere å ikkje gje noko, fordi mottakaren veit at du eigentleg ikkje har råd. Så slutt å stresse. Det er meiningslaust.
Kvar var eg? Jo, ferie. Dette semesteret har no blitt til ein ny perm i hylla:
Kjenner eg er litt stolt over dei permane der. Det er nemleg inga sjølvfølge at dei i det heile teke fins.
Kom meg gjennom eksamenstida denne gongen óg. Med god støtte. Er visst avhengig av nokon som kan backe meg opp slik at eg ikkje viklar meg for mykje inn i den spindelvevskogen eg har i hovudet. Det skal heldigvis ikkje så mykje til. Og det er godt å vite at eg kan gjere det same for andre.
Frå i vår, frå Anke (no i Afrika). Det er godt å endeleg ta seg tid til å kjenne skikkeleg på saknet:
<3
Ubuntu! Nkosi for at du er saa flott! Norge om 4 dager. Uvirkelig!
SvarSlett