Sider

søndag 9. januar 2011

Nyttårs-safta

Dette kjem vel under kategorien for seint-innlegg, men kven bestemmer det eigentleg?

Det var ei veldig fin nyttårs-saft oppe hos ho Solveig i Dala, saman med gode vener. Første gong eg ramla inn i det nye året saman med vener og ikkje familie, faktisk.

Malene og Solveig.
Martine og eingongskameraet var der.
Henriette óg, som var overklar for å knuse oss andre i Kokkelimonke.
(men det vart jo sjølvsagt eg som knuste alle)
Henriette var eigentleg ikkje så glad for alle bileta eg tok.
Her skal det vere konsentrasjon.
Kokkelimonke er artig, ass.
Heilt til lyset gjekk, og alle vart dritredde.
Men Malene visste råd.

Og så vart det kortspel med heftige kort.
Før det nye året banka på, med pang og glitter over himmelen.
Og 00:00-klemmane.
Deretter var det tid for party-tricks. Eg friska opp gamle kunstar, inspirert av Martine.
 ... som òg trylla meg vekk. Berre synd eg misforsto og øydela heile opplegget.
 
Malene laga ein velutstyrt mann av mandarinskal.
Og eg slo kort gjennom bordet. Slikt lærer ein når ein veks opp med Donald som bibel.
Mandarin-mannen mista litt piffen ut i dei seine timar.
Og det var det visst fleire som gjorde, av ukjende årsaker.
Så vart det tid for å ta på uljebrokja og ta fatt på heimvegen, etter ein herleg kveld.

8 kommentarer:

  1. Hahaha så ut som en knall nyttårsaften! :D

    SvarSlett
  2. Enig med Anke, ser ut som en knall nyttårsaften! Mange fine bilder av deg og må jeg si.
    Kokkelimonke har jeg aldri spilt. Ser morsomt ut!

    SvarSlett
  3. HAHAHA! TIDENES nyttårsaft!

    SvarSlett
  4. HENRIETTE KOM JO BERRE 2 POENG BAK DEG DÅ JUNE!!

    SvarSlett
  5. Solveig er best! Masse bedre enn meg.

    SvarSlett
  6. Henriette og Solveig, hald dykk til eigne identitetar ;)

    SvarSlett