Friends-nostalgi står på i bakgrunnen eller framgrunnen når eg treng andre stemmer enn mine eigne, og punkt på lister over gjeremål som har hopa seg opp gjennom semesteret blir strykne ut. Dei må ha stressa meg meir enn eg har vore klar over, når det føles så forløysande å få dei unna.
Eg skriv. Ei setning, eit avsnitt. Let det bli, utan å redigere (takk, Charlotte!); det er ikkje tida for det enno. Skriv meg inn i ting for å prøve å skrive meg ut. Tidlegare verdenar. Løsnar meg sjølv frå det heile når grepet blir for stramt. Eg kjenner teikna. Når eg får for meg ting, og kjenner verda falle.
Prøvar dessutan noko nytt: Å ha meir vennlegstilte dialogar med meg sjølv. Har funne ut at "det går bra, lille venn" er ein del meir konstruktivt enn "dra til helvete, din håplause tapar"-monologane eg har hatt ein tendens til å beskjeftige meg med.
For det går alltid bra.
All this time
All this time
You have had it in you
You just sometimes need a push
Tekst: "All This Time" av Maria Mena
Åh, fint.
SvarSlettOg eg kan så veldig relatere til denne setninga som er så god, "Skriv meg inn i ting for å prøve å skrive meg ut".
Eg trur det er litt av det samme eg gjer med fotograferinga mi.
Og hvis du vil ha litt feedback på det du skrive, så står eg til tjeneste. Eg er jo dødsnysgjerrig. :)
Veldig kjekt å lese at du prøvar å endre den indre dialogen. Prøver noko liknande sjølv. Så når eg møter ting i meg sjølv eg ikkje liker, seier eg (inni meg) "Eg askepterer denne følelsen, men vel å gje slepp på den". Funkar når eg kjem på å gjere det. :)
Rettskrivingsnazien min seier at eg må sei unnskyld for askepterer, skulle sjølvsagt vore aksepterer.
SvarSlettOg vil på samme tid be om unnskyldning for all tidligare og kommande ordleifar.
(Eg er så sjuk).
Takk for kommentar(ar)! Og for tilbod om lesing, er alltid godt å vite at ein har moglegheit til eit par nye auger på det ein driv med :)
SvarSlettOg takk for tips om å gje slepp på dårlege kjensler. Mindfulness, mindfulness.
Haha, eg er nok full i skrivefeil sjølv, så inga fare! La ikkje merke til den der eingong. Hadde du derimot kome med ein ord delings feil.. ;) Neida, skulle nok klart å tilgje deg (under tvil) ;)
Godt å lese at det går bedre med deg! Virkelig ikke gøy med tunge perioder. Du er et skjønt vesen, vet du det? :)
SvarSlett<3 <3
SvarSlettOda: Så veldig fint sagt! Du óg :)
SvarSlettCharlotte: <3 <3
Den nye dialogen din var genial -og skal adopteres <3 Takk <3
SvarSlettdu er fin, og maria mena er fin. og det er så himla sant at det er bedre med vennligstilte dialogar.
SvarSlettGood shit! Det merkes til og med på kreativiteten i orda dine at du er mer avslappet. Du skriver godt ellers også, just saying ;)
SvarSlettIngeborg: Åh, så fint! Inga årsak :)
SvarSlettAmanda: Tusen takk det same! Og ja, det er sant :)
Anke: Takk for det, jenta mi <3
Flyten. Flyten, baby.
SvarSlettDamn right!
SvarSlettdet finst så mykje håp i bøker,
SvarSlettdet er så fint! bøker kan nesten forvandle ein til den ein vil.
eg vil vere ein person som les bøker ingen har høyrt om. kven vil ikkje det? vil du?
Så veldig sant :) Eg vil!
SvarSlett