Sider

fredag 22. juli 2011

All you can do is keep breathing



22. juli 2011



Rart å sjå det svart på kvitt, datoen til ein dag som framleis, når eg ser på kalenderen, er denne dagen. I dag. No. 
Når ein veit at den vil bli ein som mine framtidige barnebarn vil lese om i historiebøkene sine. Når den allereie har knust sin veg inn til så mange hjarter, sprengt seg fram til det ufattelege, umoglege rommet dei fleste av oss likar å halde lukka, heilt til den dagen det skjer. At ein ikkje lenger har noko val. 

"Det alvorligste siden annen verdenskrig".

I eksplosjonen av bilete, lyd og ord frå fjensynet, sit ein her og er sjeleglad over at alle eins kjære har det bra, men på same tid smerteleg klar over at dei er så mange i dette landet som ikkje kan seie det same i dag. Så vrir glassplintane i hjernen seg fram til ting som allereie var vissheit, men samtidig så veldig ikkje:
Dette er verda. Forskjelen er berre at no veit vi det óg. Blåaugde med raudt og kvitt i irisen-nordmenn.

"The tears of the world are a constant quantity"
- Samuel Beckett - 


Men i dag er det oss. Ein har ikkje plass til heile verda når eins eigen går i stykke.

Midt i alt veks ei stoltheit over å vere nordmann. Det er i slike stunder ein verkeleg ser kva som bur i folk. Tankane mine går ikkje berre til dei som har lidd enorme tap i dag, men óg dei som jobbar ræva av seg for å bandasjere skadene. Som er ganske så mange, i alle moglege roller og posisjonar.

Så sjølv om gjerningspersonane forsvann inn i sitt eige mørke, betyr ikkje det at vi óg må gjere det. Sjølv om noko er øydelagt for lang tid framover idet Oslo vart forvandla til ei krigssone, betyr ikkje det at ein må slutte å tru. På det gode. For det vil vere der óg, alltid. Mørkret er berre fråvere av lys.

Vi som har overskot til det no, må tru for harde livet. Som ei klok dame eg kjenner skreiv på facebook: 
Halde hovudet kaldt og hjartet varmt.

Alle mine tankar.

6 kommentarer:

  1. Du er så fantastisk flink til å uttrykke deg. Du skriver spesielt nydelig om sårbarhet. Enten personlig, nasjonal eller global. Og du har helt rett; det er ikke nytt, det er bare at nå er det nært. Det har skjedd oss. Perspektivet blir et annet når det gjelder en selv.

    SvarSlett
  2. Takk. Takk for at du set ord på det eg gjerne ville tenkje og gjerne ville seie sjølv i dette tilfellet, men ikkje klarar.

    SvarSlett
  3. Du uttrykker deg så vakkert om det som er vondt.

    SvarSlett
  4. du skriv så vakkert, june. en vond dag og dette er ein så respektfull tekst.

    SvarSlett