Sider

onsdag 27. juli 2011

The end is not the end

(Skrive for to dagar sidan).

Kor tid vil det gå an å verkeleg tenke på noko anna? Sjå noko anna på fjernsyn, utan at det kjennest uendeleg tomt og på mange vis ugjennomførbart - men det er likevel ei avveksling frå å sitje klistra til nyheitskanalen og oppdateringsknappen på nettavisene. Bli fri frå kjensla av - sjølv om det sikkert er feil av meg, men sånn er det - å ikkje klare å forholde seg til menneske som "ikkje klarer å forholde seg til det".

Og dersom ein syklar ut til Grotlesanden, går ned til vatnkanten og krummer sand mellom tærna, skyt tårer ein ikkje trudde ein hadde meir igjen av, fram. Over tanken på alle dei som aldri meir skal få kjenne sand under føtene. Det er ikkje til å halde ut.

Så tanken om at dersom eg kan føle det sånn, som ikkje har mista nokon, kva då med alle dei som aldri meir får sjå att ein eller fleire dei er glad i? Kor mykje sorg kan eit land, ein menneskekropp, tåle?

Mykje, tydlegvis. For midt oppi det heile, er det ingenting som gjer meg meir stolt enn å kalle meg norsk no. Eg seier berre: Jens Stoltenberg og Eskil Pedersen. Kongefamilien, media med si i all hovudsak respektfulle dekning av saka, og ikkje minst alle dei utallige hjelparane på sjukehus, i kyrkjer, politikammer og så vidare. Alle lykttennarane. Det er så hjartet kan sprengast - av stoltheit, håp og kjærleik. Ikkje berre av sorg.

Å sjå at landet vårt klarer ei slik nasjonal sorg - at enkeltmenneska klarer sine enorme tragedier - er så ufatteleg sterkt. Og trygt. At vi alle får oppleve det å vere vitne til at sjølv der det mest utenkelege av det utenkelege skjer, er ikkje alt øydelagt. Det gjev håp for framtida. For oss alle samla, og for enkeltmennesket, i allefall slik eg ser det. Når slikt kan ramme ein heil nasjon og den reagere med meir av alt det som er godt, då kan alt skje meg og eg vil klare det. Saman kan ein verkeleg klare alt.

Menneskesinnet kan romme det grenselause. Både på godt og vondt...
Men dei aller, aller fleste - og det ser ein verkeleg i desse dagar - vel det gode.



Vi vil ta vare på
skjønnheten, varmen
Som om vi bar et barn
varsomt på armen. 

Frå "Til Ungdommen" av Nordahl Grieg

 


Vi skal ta tilbake Utøya.
 
- Eskil Pedersen -




Sette ord på alle de følelser som kommer nå, det er et modent forsvar (...) Alle følelser er lov. Men snakk og føl de ut. 
Sammen med andre. Det er viktig.



  
Seems we have more to fear from the fear of multiculturalism than from multiculturalism itself. 

(...)

Prime Minister Jens Stoltenberg has stated clearly that the terror will be met with more democracy and more openness. Foreign Minister Jonas Gahr Støre has made clear that tomorrow's Norway will be fully recognisable. Not only have these phrases been repeated. They have been implemented. The city centre was quickly reopened. Norwegian politicians and the Royal Family have spent the last days meeting with large crowds of people, with limited security, always at a discreet distance. 

- denne artikkelen -


 
Bush, 9/11: "We're gonna hunt you down"
Stoltenberg: "We will retaliate with more democracy"  



Bak hver som gikk i døden,
står tusener igjen.
Står tusen andre samlet
i seil og naken tross.
Å, døde kamerater,
de kuer aldri oss.

Frå "Aust-Vågøy" av Inger Hagerup




Om én mann kan vise så mye hat, tenk hvor mye kjærlighet vi alle kan vise sammen.
- kamerat av Stine Renate Håheim -


7 kommentarer:

  1. Begynte å gråte da jeg så bildet med barnet på armen...takk for et vakkert og nært innlegg. Gode klemmer fra meg.

    SvarSlett
  2. Vondt, vondt, vondt. Noe brast, og jeg vet ikke hvordan vi skal fikse det. Jeg tror vi bare må pøse ut kjærlighet, for en gang må dette svarte hullet bli fylt, det også.

    Takk for fine spor på bloggen. Dine tekster er veldig inspirerende for meg, jeg setter stor pris på absolutt alt du legger ut!

    SvarSlett
  3. åh June! Du gjer meg mållaus <3

    SvarSlett
  4. Dette var veldig fint:) Godt å lese.

    SvarSlett
  5. Kjære Junemor - du har fått ordets gåve, og du kan å bruke det..

    Du har ein måte å formulere deg på som gjer trøst, varme, forståelse - uansett kva... Det er sårt men samtidig vakkert å lese korleis du klara å skildre det du føler og tenkjer, og det gjer meg trøst.. Samansettinga med ord og bilder er aldeles nydeleg, spesielt i ein slik samanheng.. Det som har skjedd råkar oss alle - ikkje nødvendigvis direkte, men alle i Noregs land kjenner det på ein eller annan måte - og det å finne så mange flotte ord som du har samla her gjer det litt betre å hendle.. :)

    Gratulerer så masse med dagen idag, og tusen takk for at du er til <3

    SvarSlett
  6. Tusen takk for nydelege kommentarar. Det er vanskeleg å setje ord på kor mykje eg set pris på det <3

    Anonym: Dersom eg hadde visst kven du var, skulle eg ha takka deg skikkeleg for dei utruleg gode orda dine, som gjorde dagen min <3

    SvarSlett