Samtalar om våren:
Malin: "Vi reiser til Tromsø i sommar, June! Kan ikkje vi?"
June: "Å-ja! Det må vi no vel klare å få til".
Om vi fekk det til? Jo, ganske så grundig, tør eg påstå. For sjølv om opphaldet berre strakk seg over fire dagar og like mange midnattssolnetter, var dei så innhaldsrike at dei kunne ha gått for å vere trippelt så lenge.
Den 19. juni bar altså eit Widerøe-fly to systrer og ein liten ven til Nordens Paris. Frå grått til strålande sol.
Der oppe var det jo sommar. Ein måtte visst ta turen til arktiske strøk for å finne den.
Det var turar rundt vatnet...
... der vi stifta nye bekjentskap i fugleriket.
Det var leik i hagen, mens dei andre lo av meg, som sjølvsagt sprang fram og
tilbake som ein idiot mellom dissa og sjølvutløysarknappen på kameraet.
Det var masse kos ute på verandaen, med god mat, drikke, lesestoff,
tulling og tøysing mens vi sola skroga våre. Særs, særs behageleg.
Eg fann meg sjølv i ei hengekøye, som omslutta meg som i ein kokong når eg la meg oppi. Då eg låg der, med ei god bok på magen, auga lukka, sjokoladekaffi i ein fargerik kopp ved sida av meg på bordet, utsikt opp i eit tre som pusta med vinden, og himmelen, med null ønske om å vere nokon annan stad verken i tid eller rom, trur eg at eg trygt kan kalle meg Tromsø sin lukkelegaste sommarfugl.
Slik ser det ut frå innsida av ei hengekøyekongkong.
Då eg fekk besøk i kokongen av ein liten koseklump, vart tilværet plutseleg endå meir komplett.
Fortelje hemmeligheiter og sånn.
Så skiljast for kvelden, og lukke att auga.
Dag to var det tur ut til tanta mi og hennar kjære sitt landsted.
Med fisketur, akkurat som i gamle dagar.
Kven som sto for dei to middagstorskane, spør du? Det var mæ!
Og jaggu stakk ikkje Hurtigruta innom!
PR-kåte som vi er hadde vi med oss flagg, og gjorde ein hederleg innsats for våre five minutes of fame på NRK.
Men på fjernsynet vart det ikkje noko innzooming på fire vestlendingstjeier i sine beste antrekk, med fiskestong og flagg stolt heva. Eit "vi går nå inn i et område uten sendeforhold" rullande over skjermen akkompagnert av opptaksfilming, knuste hjarta våre. Det var då eg bestemte meg for å bli overlegen, for å overleve mentalt.
Sjå kor eg ignorerar Hurtigruta TOTALT!
Sjå kor eg ignorerar Hurtigruta TOTALT!
Fuck you, Hurtigruta.
Neida. eg brukte ein del timar framfor skjermen for å sjå på dens ferd eg óg,
i likskap med resten av landet. Tenk at ein sånn ting skulle binde folket saman.
Men det var eigentleg kjekkare å sjå på tante Magni då ho poserte framfor den sjølvhugga veden sin.
Eg fann forresten ut at ein av mine nye blomar er forglemmegei. Fordi dei er blå. Fordi dei er vakre på ein diskret måte. Dei berre er der liksom. Tek sjenert til seg kvart blikk og ber om å ikkje bli gløymt.
Éin måtte nesten vere med meg heim.
Elles var det særs mykje fin nostalgi å fotografere i det huset, altså.
Tilbake i sivilisasjonen var det kveldar med Hurtigruta eller film på fjernsynet, med Pepsi Max i stettglaset og bøkefisksnacks i pose.
Og sniking rundt i huset for å ta bilete av midnattssola slik den utfalda seg inne.
Vi kosa oss heile tida, og i mitt hovud og hjarte låg heile tida tanken: Så heldig eg er. Som får ha det så bra. Som har den beste familien.
Tida for heimreise kom så altfor fort. Eitt ord for å beskrive denne ferien: Perfekt.
Perfekt, bortsett fra at... du kom på feil tidspunkt :( jeg skulle fått hilse på deg <3
SvarSlettFine Prestvannet, fine midnattssola. Hva syntes du egentlig om midnattssola? Kunne du tenkt deg å bodd her og hatt det sånn hele våren og sommeren? Og så er jeg så nysgjerrig på hva som ble stamkafeen deres? :)
SvarSlettHelt objektivt; Norah må være noe av det skjønneste som finnes!! Blir helt betatt jo!
SvarSlettHer var det så mye fint og morsomt at jeg ikke vet helt hvor jeg skal starte å kommentere, så istedet peker jeg ut Norah sitt kysse-June-bilde som min favoritt!
SvarSlettDet så virkelig ut som en herlig ferie, har kost meg med nydelige stemningsfulle bilder <3 Gode klemmer <3
SvarSlettbilete der ho bit deg i nasen: <3
SvarSlettAnnika: Det er heilt sant, det var det einaste minuset! Men du kjem til Bergen på besøk, sant sant sant? :)
SvarSlettTrine: Oj, kunne du sjå at det var Prestvannet berre ut frå dei bileta? Stilig! Ja, eg kunne så absolutt ha budd i Tromsø! Kaféen var Skarven :)
Kristin: Ikkje sant? :)
Anke, Ingeborg og Amanda: Takk takk :) klem <3
veit du june, at når babyer biter/suger på neser og kinn sier de at de er glad i deg? det er HELT sant! klems fra legestudenten:)
SvarSlettÅh, herleg! Klem <3
SvarSlettNå ble jeg rørt, jeg. Som en annen gamling ;)
SvarSlettDu er så vakker.
Nina
Gamling du liksom :) Du er ung som ei fele!
SvarSlettOg tusen, tusen takk..! DU er vakker <3