Sider

fredag 5. august 2011

Hos Momma

Har nett tilbrakt nærare ei veke hos Momma mi (mormor). Det var, som alltid, heilt herleg.

Der trillar månen langs fjelltoppane om kveldane.


Resten av bileta er frå tidlegare i år, i vinter faktisk. Dei er uansett representative for det som gjerne utartar seg i det gule huset med duoen Momma og June tilstade.

Stikkord: Heimekos og varme. Og tyl. Masse tyl.

Når ho kjem med konfektøskja, då er det gjort.

Anten var det sukkeret, eller likøren som visstnok skulle vere inni (eller det at eg las bakpå at det skulle vere det. Mest sannsynleg det siste), eg innbilte meg i alle fall at eg hamna litt på ein snurr.

Uansett er det dritkult å skåle i sjokoladelikør med likør klokka tre om natta, alkoholhaldig eller ei (nokon fortalde meg seinare at dei som laga slik konfekt hadde byrja å ta ut alkoholen for lenge sida. Då var eg i så fall på ein placebosnurr. Men det skjer jo ganske ofte)

 Så kom Momma på at ho ikkje hadde tilbydd meg melk på minst ti minutt.


Var berre det. 
Ho hadde dessutan veldig fint dopapir då.


5 kommentarer:

  1. Bloggen din er som et fint eventyr <3 Jeg blir så glad, June! :) Du er heldig som har en så fin bestemor.

    SvarSlett
  2. Men så fint så fint så fint, og himla bra dopapir!
    Og så må du vita at kommentarane eg får frå deg alltid er så fine og varme og gode at eg smilar når eg les dei:-) Takk skal du ha :-)

    SvarSlett
  3. Åh, så koselig! :) Søt mormor du har!

    SvarSlett
  4. Dette er jo bare helt fantastisk! <3 Jeg ble lykkelig bare av å lese om at dere koser dere sånn ilag! Og det er forresten det fineste dopapiret jeg har sett!

    SvarSlett
  5. Åh, finaste historia. Og det får meg til å savne Besta mi.
    Takk for at du deler dette. :)

    SvarSlett