Dersom dette er ein blogg som skal oppdatere dykk på kva eg gjer, er det for lite å skrive.
Dersom dette er ein blogg som skal oppdatere dykk på kva eg tenkjer, er det for mykje å skrive.
Dersom dette er ein blogg som skal ha ein slags raud tråd, må eg nok skuffe ved å meddele at den er særs grøn.
Dersom dette er ein blogg som skal oppdaterast ofte, blir innlegga sjeldnare.
Dersom dette er ein blogg som eg bestemmer over, bestemmer eg at den er ubestemmeleg.
Som no, når eg har kome tilbake til Bergen, forlete Dragefjellet skule og spansken som eg bala med i vår, og tassa tilbake til Sydneshaugen for å sniffe litt på nordisk litteratur etter 1900 samt (om eg kjem inn) praktisk informasjonsarbeid, og vel å ta utbroderinga seinare, eller ikkje i det heile teke, og heller legge ut bilete av då eg og Henriette gjekk på Vetenløpet heime (Noregs vestlegaste fjell-løp!) for over ein månad sidan.
Det var Ringenes Herre-skodde.
Sjå, du skimtar Grotlesanden!
Saft må til.
Skodde, ja. Men vi kom no i mål.
Og hadde rikeleg med tid til å studere likfingrar og anna,
mens vi venta på at dei som sprang skulle kome pesande og slevande opp.
Vi hadde det no fint i Låm. Men det var kaldt.
Så gjekk vi ned att, som glade og kalde maur.
Då eg kom heim fann eg til mi store glede is i frysen!
Men gleda vart snart snudd til ulideleg smerte då eg såg storleiken på isen, eller rettare sagt mangelen på den.
Såg ut som om eg hadde kunna fått heile inni kjeften på éin gong.
Good times.
supervakker natur! eg som plutseleg vart lat, søren altså. eg vil eigentleg uuut.
SvarSletthadde eg vore ein is, ville eg blitt ete av ein fantastisk person, slik som deg.
ps. bloggen din er ein fet blogg å vere delvis avhengig av slik som han er :) (delvis avhengig... går det eigentleg an?)
SvarSlettHaha, jeg elsker dette!
SvarSlettDå eg sat og såg på alle dei fine naturbildene, tenkte eg berre "å, så fint! å, fin utsikt!" Så kom eg til dei to siste bildene, og eg berre: "HAHAHAHAHAHAHAHAHAHAHA, eg elskar det!!!" (håpar ikkje naturbildene tek det personleg, men ingenting slår dei to siste bildene - særleg det nest siste.) Kan eg få det som plakat på veggen?
SvarSlettIngenting er så godt som å komme i mål. Eller, det måtte i så fall være å komme hjem.
SvarSlettDu fikk hele inn i munnen! Imponert!
Tusen takk for fine kommentarar! <3
SvarSletthaha, du er herlig! vi må se om timeplanene våre ikke tillater en kopp kaffi på sydnes!
SvarSlettDU er herleg <3 og det må vi definitivt!
SvarSlettbildet av deg og isen: ihihihihihihihihihihihi <3
SvarSlettÅH! Eg ler :D Og eg sakna deg!
SvarSlettVeten er min favoritt tur!:)
SvarSlettkjekt å finne bloggen din!