Forrige semester jobba eg meir enn eg studerte, dette semesteret har det (heldigvis) vore motsatt. Men barnehageungane og eg hadde det veldig kjekt, då. Så spørs om det ikkje blir meir jobb på meg utover hausten, når det roar seg litt på studiefronten.
Uansett, det eg ville fortelle var at eg fekk høyre så mykje herleg og genialt frå desse søte små med eittsifra alder og delvis manglande tanngard, at eg rett og slett måtte samle det heile i eitt eige dokument.
Det følgjande vart til våren som var, mellom kvelva plastkoppar, dramatiske konflikter, blåse på, løveplaster, lause tenner, sjå på teikninga mi er den ikkje stygg nei den er fin, Star Wars-lyssverd, kan vi leike mor og barn du kan vere bestemor, sett deg ned, reis deg opp, ikkje slå, hysj, no er det frukt, no er det samlingsstund, no skal vi byte bleie, kan eg få sitte på fanget, kan du gå vekk, du er snill, du er stygg, sjå på meg dååå.
“Det er viktigst å passe på hjernen, for den styrer kroppen”.
(Gut, 6 år. Som tydlegvis er smartare enn meg)
Jente: “Veit du ka, eg er fra Spania!”
Eg: “Åå, kan du spansk, då?”
Jente:“Nei, et anna Spania. Eg kan bare two four one eight”
Gut syklar forbi i ein rasande fart, ser meg og utbryt gledesstrålande:
“Hei Thomas!!!”
“Hei Thomas!!!”
“Har du sauestire, June?”
(For) stor fart-diskusjon ved disse:
Gut 1: “Eg er redd”
Gut 2: “Han er seks år, så han kan ikkje vere redd”
Gut 2: “Han er seks år, så han kan ikkje vere redd”
Eg: “Jo, det kan han. Eg er tjueein, og eg er redd heile tida”
Jente: “Eg har en humlevenn!”
Eg: “Åå, kor er han då?”
Jente: “Han har flyget!”
Eg: “Jasså? Ja, kva heiter han då?”
Jente (tenkjer seg om): “Rakkis!”
“Er du ein lilla blomst?”
“Kem e du sin blomst?”
“Har du svarte øyne?”
“Er du et barn?”
(Treåring med mange spørsmål og dårleg tid).
Barnehagetante: “Kva studerar du, June?”
Eg: Litteratur.
Barn som overhøyrer samtalen: “EG ÓG VIL PÅ TUR!”
“Eg har ei flette på rumpa!”
Og så, eit av dei fleire døma der eg fekk oppleve barn sin voldsame intuisjon (på ein dag eg tilfeldigvis kjende meg ekstra liten):
Gut: “Du er eit barn. Er du voksen? Er foreldrene dine døde?
(Lurer på korleis eg skal gripe problemstillinga an)
Eg: “Kvifor lurer du på det?”
Eg: “Fordi foreldrene til pappa døde, og da ble han voksen. Er foreldrene dine døde?”
(Fann ut at eg like gjerne kunne vere ærleg, sjølv om slike ting alltid er vanskelege når det gjeld barn. Kvar dei er i utviklinga, og kor følsamt det einskilde barnet er. Men han her hadde jo tydlegvis vorte introdusert for døden allereie).
(Fann ut at eg like gjerne kunne vere ærleg, sjølv om slike ting alltid er vanskelege når det gjeld barn. Kvar dei er i utviklinga, og kor følsamt det einskilde barnet er. Men han her hadde jo tydlegvis vorte introdusert for døden allereie).
Eg: “Ja, pappaen min er død”.
Gut: “Kossen døde han? Hadde han en sykdom?”
Eg (blir litt i tvil, før eg kjem på at det er jo ingen tvil): “Ja, han hadde ein sjukdom”
Gut: "Da e du voksen".
Same dagen, anna gut:
Same dagen, anna gut:
“Er det ingen som passar på deg?”
Jente: “Hva skal du ha til middag i dag?”
Eg: “Grøt” (eitt av mange døme på barnehage-knotinga eg tileigna meg. Men eg kunne jo ikkje seie "graut", då lo ungane... Rått... Eg høyrer framleis den latteren enkelte netter når eg skal sove...)
Jente: “Eg óg vil ha grøt. Eg er søt. Du er ikkje søt. Det er bare eg som er søt”.
“DU SNAKKAR RART! Er du fra Finland?”
“Du har sånne prikkar i fjeset!”
“Duuu, duuuuuu! Eg har gule auge og litt rosa”. (Gravalvorleg frå ein blåaugd treåring)
Eg: “Ååå, seier du det? Kva for farge har eg på auga, då?”
Han (like alvorleg, studerer dei brune auga mine inngåande): “Blå. Og litt rosa”.
Gut: “Eg er politimann, og eg skal ta alle jentene!”
Eg:“Du kan begynne med å ta meg då, eg er ei jente”
Gut (stoppar opp, rynkar på nasa):“Neei, du er ikkje jente; du er voksen!”
Ei jente hjelper meg med forskjelen på avdelingas tvillingpar:
“Den der heter Amanda”.
Treåring som susar forbi på sykkel; ropar:
“June, du er min beste venn! Du og mamma.”
Same treåring, etter at eg kjem tilbake frå ei lita dopause. Ser alvorleg på meg, spør veslevaksent:
“Har du vært skikkelig masse på do nå?”
“June, det er noe eg har tenkt skikkelig masse på:
(kunstpause)
Har fiskar ører?”
(kunstpause)
Har fiskar ører?”
“Eg kan tenke på barndommen min når eg blir stor! I hagen bak huset ligger alle de døde dyrene våre”.
Eg overhøyrer samtale mellom to fireåringar i sandkassa:
Gut 1:“Her kommer en meteor!”
Gut 2: “En hamburger?”
Gut 1: “Nei, en meteor.”
Puppedefinisjonsdiskusjon. Seksåring konkluderar:
“Det hetår faktisk nussår”.
“Fins det mange sauar i Saudi-Arabia?”
Eg: “Korleis går det med deg då, hønemor?”
Jente: “Eg leggår ikkje egg”.
Dette! Dette er grunnen til at man skal få barn. Sier nå jeg! :)
SvarSlettOh Lord, jeg tror jeg tisser på meg!
SvarSlettHaha, skvetter litt i buksa, ler så mye.
SvarSlettHei Thomas! Er du fra Finland?
(jeg kan passe litt på deg)
du som sto for "sjå på meg dååå"? ;)
SvarSlettunga er rett og slett herlege! <3
(Martine)
dette var gøy. barn er herlige. hahaha
SvarSlettHAHAHAHAHAHAHAHAHAHAHAHAHAHAHA, tidenes beste innlegg! Hadde eg hatt ark, skulle eg ha skrive det ut og hengt det på veggen!
SvarSlettGut 1:“Her kommer en meteor!”
SvarSlettGut 2: “En hamburger?”
Gut 1: “Nei, en meteor.”
<3
Eg berre ler og ler. Fantastisk fint. :) - Er du redd for Mikke Mus ? Ungar er best.
SvarSlettHaha! Fantastisk :D Trur eg og må jobbe i barnehage eingong, ungar er ganske bra.
SvarSlettHahaha, så utrolig herlig innlegg! :D Slike gullkorn BØR skrives ned! Det skal jeg i hvert fall gjøre om jeg en dag skulle få barn selv.
SvarSlettååååh! Nå fikk eg vondt i lattermusklene mine :P
SvarSlettÅåh de er da søte! :D Ble glad av å lese! :)
SvarSlettÅh så mange herlige gullkorn! <3 Jeg lo og lo.
SvarSlettTakk for koselig kommentar på bloggen min! Håper søndagen din er fin :D
(Og nå har jeg lest mange innlegg og liker bloggen din skikkelig godt! Ville bare si det! Fra en litteraturstudent til en annen, hihi.)
SvarSlettGjett om jeg smilte når jeg leste dette! ÅH! <3
SvarSletthaha, så artig og fint :D
SvarSlettHihi, så mange herlige gullkorn <3
SvarSlett