Har lyst til å skrive eit skikkelig deep thoughts-innlegg, slik som eg gjorde før. For det er mange deep thoughts ute og går. Eller, dei er vel meir inne. Og dei går visst ingen stader. Eg skulle ønske eg kunne late dei passere.
Men det er visst mange ting som hemmar meg. Å vite konkret kven det er som les bloggen, å vite at ein framtidig arbeidsgjevar lett kan google seg hit, og så vidare.
Men kva så, då? Har eg skrive noko eg ikkje kan stå inne for, uansett kven som spør? Eg trur ikkje det. Då eg gjekk gjennom heile arkivet for ei tid tilbake, sletta eg alt det eg følte var i grenseland - til dømes frå bloggen sin startfase. (Ein endrar seg jo frå ein er nitten til ein er tjueto. Eg gjorde i alle fall det).
Og når det gjeld det som står att: Ein arbeidsgjevar som ikkje taklar openheit om livets sårheiter, er så visst ikkje ein eg vil jobbe for.
Det eg veit, er at eg ikkje for alt i verda ville ha vore forutan det gode som bloggen har ført med seg. Menneska eg har vorte kjend med, og ikkje minst menneska eg har lete få bli kjend med meg. Først og framst dei eg har rundt meg i det daglege. Det er kanskje ikkje ein ønskesituasjon at eins næraste må gå inn på internett for å få tilgang til kva som rører seg under overflata. Men så er eg no eingong laga slik, at det er lettare å skrive enn å snakke.
Eg treng å skrive.
Og eg treng at nokon les.
Og jeg vil gjerne lese! :)
SvarSlettJeg vil også gjerne lese!
SvarSlettSynes du skal være stolt av bloggen. Tipper en eventuell arbeidsgiver synes bloggen din er et påskudd for å ansette deg.
Og jeg er så glad for at det er flere som forstår det der med at det skriftlige ordet er lettere enn det muntlige. Det er noe jeg har kjent på siden jeg har vært liten, men som de rundt meg ikke har forstått helt og holdent... før jeg traff deg og du leste meg. Det er ikkje einsemd i orda ;) <3
SvarSlettFantastiske bilder! I <3 the moon!
SKRIV.
SvarSlettingen oppfordring, bare en konstatering av det som er nødvendig.
Eg trur eg og du er ganske så ulike, men veldig like likevel. Eg og treng å skrive, og at nokon les, sjølv om eg "gøymer" meg bort. Og eg er veldig glad for at det er nettopp slike som du som les meg! Du er bra June, og det trur eg ein potensiell arbeidsgivar som skulle finne på å google seg fram hit hadde sett òg, uansett kva du skriv.
SvarSlettTusen hjarteleg takk, alle <3
SvarSlettJeg tenker ikke så mye over hvem som leser. Om sjefen min vil lese, så værsjego! Har ikke noe å skjule :)
SvarSlettskrivskriv! eg skal lese!
SvarSlettSkriv, for all del.
SvarSlettHadde jeg vært journalist og sjef feks, hadde du blitt headhuntet til avisen min.
-Hvorfor ansatte du henne?
-Fordi hun åpnet øynene mine med ord.
-Hvordan da?
-Jeg leste noe hun hadde skrevet og følte meg plutselig nær naturen, nær livet og nær hjertelykken. For å være helt ærlig var det ganske spesielt å bli berørt av liksom nok en tekst om å gå ute i regnet, men sånn var det.
Skriv, utfold deg på ditt flotte, kreative vis!
Nina :-)
Nina: Eg trur potensielt eg døydde av lukke over den kommentaren <3
SvarSlettSkriv, jente. Skriv! :) Du har (er!) eit talent.
SvarSlettDjupe tankar er fengslande interessante og ærlege, og det følest ofte så mykje betre å dele dei, sjølv om det er skummelt og ubehageleg med tanke på alle som kan kome over dei.
SvarSlettMen eg trur det er lurt å skrive det som ikkje kan seiast, slik at det på ein måte er "lagra", utan at ein nødvendigvis treng å tenkje på dei heile tida. Det fungerer godt for min del, mot det eg ikkje vil gi slepp på men ikkje behalde. (blablabla)
Og som du seier, arbeidsgjevarar som ikkje taklar det, vil du ikkje jobbe for. Når du treng å skrive og at nokon les, treng du det. Og eg veit at det er mange som set pris på det du skriv, difor er det ingenting i vegen for at ein av dei, er ein arbeidsgivar. Dessutan viser bloggen ei positiv, talentfull side av deg!
(hihi, eg høyrest vaksen ut)
Eg likar svært godt å lese det du skriv!
Tusen takk, Ebbs! Dette var (skremmande) vaksent ;) Og veldig godt for meg å høyre!
SvarSlett"Men eg trur det er lurt å skrive det som ikkje kan seiast, slik at det på ein måte er "lagra", utan at ein nødvendigvis treng å tenkje på dei heile tida".
Akkurat slik føler eg det! Når eg har øsa noko ut i bloggen, er det på ein måte litt "ute". Det er ikkje den same ballen som fer rundt og rundt i den innvendige sentrifuga.
Så flotte tilbakemeldinger du har fått! Jeg la deg til på bloglovin i høst, og har ikke fulgt deg så altfor lenge, men jeg liker bloggen din.
SvarSlett