Det var òg det faktum at eg endeleg, etter nærare tre veker utan eige rom, har fått det tilbake i bebueleg tilstand igjen. Det vil seie fri frå lukter som ein vanlegvis berre finn på stader der sola aldri skin.
Sola skin heller aldri i stova, der eg har sove på sofaen denne tida. Vi har nemleg ikkje vindauge der. Og i mørketida treng ein det dagslyset ein kan få. Visste eg det ikkje frå før, så har eg i alle fall lært det no.
Og berre for å setje finishen på denne klagesoga, må eg legge til at eg i den veka eg måtte mase frå morgon til kveld på husvert for å få nokon til å fikse rommet, hadde tre eksamenar.
Men det eg óg hadde, var verdas beste sambuarar. Som trøsta meg då eg knakk litt på midten den kvelden eg fekk beskjed om at eine veggen til rommet skulle rivast, og alt måtte flyttast ut, og eg visste eg hadde - ja nettopp - tre eksamenar framfor meg. På éi veke. Og tilbydde meg romma sine til lesesal når dei ikkje brukte det sjølv. (Rommet mitt måtte forresten aldri rivast, problemet kunne - som alle andre problem her i dette livet - løysast med silikon).
Herlege sambuarar som til og med gjorde det ekstra koseleg for meg mens eg fekk låne rom.
Eg hadde óg ein tidlegare praksisplass som ville ha meg som ekstrahjelp i desember, mot betaling.
Og eg har vonde planar om meir blogging denne månaden. God adventstid!
I går hilste jeg på dyra på Bogstad Gård, og kjørte hest og slede/vogn med barnehagebarna! Da skulle du vært med! Vintereventyr altså, og Bogstad gård er potensielt vakrere enn noen gang. Jeg var kald på tærne og hadde rampete barn på bussen hjem, men det var finfint likevel der jeg stod som en forvokst unge i parkdress (for voksne). På ettermiddagen var jeg utslitt og dro hjem og bakte brød og pepperkaker og kokosmakroner med Solveig, samtidig som jeg rørte i kakaoen som stod på plata. Så drakk vi den varm og god og kurerte halsvondt mens vi så på en episode av noe forunderlig. Og på tross av alt dette er jeg litt sjalu på deg som får jobbe i Carte Blanche. Åh, du skal være så stolt over at de vil ha deg tilbake OG betale deg :) Og takk og lov for at silikon løser problemer som har med vegger og lister å gjøre. Jeg stemmer fremdeles ned for sprekkferdige pupper og Julia Roberts sin overleppe! :P Glad i deg med eller uten silikon da!
SvarSlettGod jul, god jul, god jul, god jul!
SvarSlett