Sider

onsdag 25. januar 2012

Love buzz

This is how the story went 
I met someone by accident
Who blew me away, blew me away


Plutseleg ein dag var han berre der. Min lange søken var over. Han kunne lett ha avvist meg og forsvunne ut av vindauget, men nei. Ikkje han. Tilnærmingane mine falt i god jord. Det er den største lukka i livet.


Timar og dagar i kjærleik. Men så kom eg på noko. Kvifor er du her, no på vinteren? spurde eg. Og han berre: Eg har venta på deg. Heile hausten og jula. Har levd på luft, kjærleik og skit eg fann i glaskarmane. Men no som du er her... kan eg få noko skikkelig å eta på?
Og eg berre:

I'm gonna give you some sugar, baby. Eldorado sugar.

Sjølv om vi helst ville ha bura oss inne på rommet for å dyrke kjærleiken heile dagen og natta, måtte eg til slutt forklare Truls at eg hadde nokre plikter som kalla òg. Så eg strødde litt sukker rundtomkring før eg stakk på forelesing.


Grunna mitt fråvere, trong vi heller ikkje vere monogame, forklarte eg han. Fann fram nokre babes som han kunne kose seg med medan eg var vekke.


Men no... finn eg han ikkje att.

Åh, kvifor, Truls? KVIFOR?!
Du sa det skulle vere oss to for alltid.

Jeg kommer aldri til å elske noen igjen.


(Tekst innleiingsvis: "Hiding My Heart" av Tim Hanseroth)

10 kommentarer:

  1. Eg daua. Du er fantastisk. :)))) Eg hadde lett kjøpt den boka der. Meire, meire !!!!!

    SvarSlett
  2. HAHAHAHAHAHAHA!Åh, herre min hatt, SAKNA DEG!!!!

    (martine)

    SvarSlett
  3. Å kjære June! Ingen kan utfordre blæra mi som du! Mulig han kameraten din ble med meg hjem fordi han ble litt fornærmet over din påstand om "all the single ladies" og at han innså at han aldri ville bli sterk nok til å putte en ring på det... :P

    SvarSlett
  4. Ei hjarteskjærande forteljing! Kjære Truls, kom tilbake!

    SvarSlett