Sider

lørdag 11. februar 2012

Spyrsmål

(Første halvpart av spørsmåla vart fylt ut i forrige veke)

1. Kor gammal er du om fem år?
27.

2. Kven var du rundt i minst to timar i dag?
Flottingane i administrasjonen til Carte Blanche. 

3. Kor lang er du?
166,5 cm, trudde eg. Men nyare målingar viser to centimeter meir. Har mine tvil. 

4. Kva var den forrige filmen du såg?
Bright Star 

5. Kven ringte du sist?
Michelle.

6. Kven ringte deg sist?
Momma. 

7. Kva sto på den forrige sms-en du fekk?
"Det høyres kjekt ut. Skal en tur til momma og. Natta" 

8. Føretrekk du å ringe eller sende sms?
Sende sms. 

9. Er dine foreldre gifte eller skilde?
Ganske så skilde, vil eg seie. 

10. Kor tid såg du mor di sist?
Då eg var heime i jula.

11. Kva farge har du på augene?
Brune.

12. Kor tid vakna du i dag?
Då klokka ringte 07:00.

13. Kva er din favorittjulesong?
Åh, velje berre éin? Nei. "Deilig er jorden", "En stjerne skinner i natt", "Mitt hjerte alltid vanker", "Fairytale of New York" og "Himmel på jord".

14. Kva er din favorittplass?
Hos Momma.

15. Kva plass likar du minst?
Den staden inni meg sjølv som eg frå tid til annan hamnar i.

16. Kvar trur du at du er om ti år?
På butikken.

17. Kva skremte deg mest om natta som liten?
Døden, og steg i kjellartrappa.

18. Kva fekk deg seinast til å le hardt?


19. Kor stor er senga di?
Stor nok til at det er komfortabelt å ligge både på kryss og på tvers.

20. Har du stasjonær eller bærbar datamaskin?
Bærbar.

21. Søv du med eller utan klede.
Med.

22. Kor mange puter søv du med i senga?
Éi.

23. Kor mange land har du budd i?
Eitt.

24. Kvar har du budd?
Bremanger, Florø, Førde, Åsane, Laksevåg og her eg bur no.

25. Likar du sko, sokkar eller berrføtt?
Sko når eg går ute og kan få ting oppi foten, sokkar inne bortsett frå om sommaren, berrføtt når det er skikkelig varmt.

26. Er du sosial?
Både ja og nei. Eg må jo ha folk. Men eg må vere åleine òg.

27. Kva er din favoritt-is?
Hmm... Fløyteis med karamell i, kanskje.

28. Kva er din favoritt-dessert?
Sjokoladefondant med is attåt.

29. Likar du kinamat?
Ja.

30. Likar du kaffi?
Dersom det er meir sjokolade/karamell enn kaffi, så.

31. Kva drikk du til frukost?
Vatn og juice eller melk.

32. Søv du på nokon spesiell måte?
Nope. God gammaldags medvitsløyse på toppen av ei madrass.

33. Kan du spele poker?
Jepp. Sidan eg var elleve eller noko. Ei av gledene ved å ha storebrødre.

34. Likar du å kose?
Ja, men eg likar å bestemme sjølv når eg skal gjere det, og med kven.

35. Er du eit avhengigheitsmenneske?
Ja.

36. Kjenner du nokon med same bursdag som deg?
Jepp. Ei eg gjekk i klasse med før, og Benito Mussolini.

37. Vil du ha born?
Ja, men det er mykje som skal på plass før den tid.

38. Kan du nokon andre språk enn norsk?
Kan no nokre gloser engelsk, trur eg. Og så spansk då (mindre enn eg skulle ønske).

39. Har du nokon gong vore i ein ambulanse?
Har vel det i skulesamanheng, på sånne temadagar på barneskulen.

40. Føretrekk du havet eller eit basseng?
Havet.

41.Kva brukar du helst pengar på?
Mat og klede.

42. Eig du dyre smykke?
Gjer visst det. Eitt.

43. Kva er ditt favorittprogram på fjernsyn?
Glee og Ellen DeGeneres.

44. Kan du rulle med tunga?
Ja.

45. Kven er den morsomste personen du kjenner?
Alle som er skikkelig gode på å parodiere.
 
46. Søv du med kosedyr?
Eg slutta visst med det no nyleg. KVIFOR?

47. Kva har du som ringelyd?
Sånn standard-greie som er på telefonen.

48. Har du klesplagg frå då du var liten?
Trur ikkje det... Må spørre mamma.

49. Kva har du nærast deg no som er raudt?
Gensaren eg har på meg, som mamma har strikka.


50. Flørtar du mykje?
Nei.

51. Kan du byte olje på bilen?
Nei, det får du gjere sjæl.

52. Har du fått ei fartsbot nokon gong?
Det forutset bilkøyring, så nei.

53. Kva var den forrige boka du leste?
Eg treng tid til å sakna deg av fantastiske Charlotte

54. Les du avisa?
Prøvar å lese Morgenbladet fast, ellers går det i nettaviser.

55. Abonnerar du på noko magasin?
Nei.

56. Dansar du i bilen?
Det var då voldsomt til bilsnakk! Nei.

57. Kva for radiostasjon høyrte du på seinast?
P2, trur eg.

58. Kva var det siste du skreiv ned på eit papir?
"Fornye medlemsskap turistforeninga".

59. Kor tid var du i kyrkja sist?
Herregud, eg hugsar ikkje om den julekonserten var jula 2011 eller jula 2010.

60. Er du lykkeleg?
Eg har alle forutsetnadene for å vere det.

  Konsept lånt av Hjartesmil

7 kommentarer:

  1. Fine June!

    Klem Martine

    SvarSlett
  2. Ja, fine June. Kjekt å bli endå betre kjent med deg. :)

    SvarSlett
  3. Aha, Mussolini. Havet for alltid.

    SvarSlett
  4. "32. Søv du på nokon spesiell måte? Nope. God gammaldags medvitsløyse på toppen av ei madrass."

    HAHAHAHAHAHAHAHA!

    SvarSlett
  5. Så utrolig utrolig fin blogg du har. Takk for koselig kommentar og du har ingenting å frykte når morstiden skulle komme.
    P.S. Dersom du er glad i lister, kan du være med på min liste, jeg skal skrive meg gjennom 39 punkter hver torsdag i ukene fremover. En fin måte å bli bedre kjent på og tenke over ting.

    SvarSlett
  6. Haha, lolcat på nynorsk/dialekt, den likte jeg!

    SvarSlett