Sider

fredag 4. mai 2012

Eksamenstid

Etter å ha budd saman i to år, var det vel på tide med vår første fellesmiddag.

Svensken sto for menyen. Eg skal ikkje prøve å gjengje kva det var, men det var i alle fall noko med falafel og hummus, og det var i alle fall godt.

Film hadde vi òg, og den var akkurat passe sær.
Eg fekk eit glas rosévin i handa, og erklærte tappert at eg skulle drikke tre slurkar. Det klarte eg òg, men ikkje utan at det ei stund var utrygt for at maten skulle kome i retur. Styggedom.

Så, etter at maten var eten, filmen var sett, og kvelden gjekk mot natt, utspant følgjande dialog seg:

Eg: Kan vi ikkje rydde i morgon?
Svensken: Nei.

Hårda bud. Så då vart det vaske-rydde-hovudlykt-danse-nach på vårt straumforlatte kjøken.
Soundtrack: ABBA.




Før vi fann ut at vi hadde gløymt ansiktsmaskene (og nei, du får meg ikkje til å skrive andletsmaskene).




Kveldens siste krampetrekning var i form av spastisk dansing i stova.
Soundtrack: "Moves Like Jagger".



Konklusjon: Dei gale har det godt. I alle fall i eksamenstida.

5 kommentarer: