Når det er sagt, tok eg nok litt for tidleg sommarferie i praksis (noko eg får svi for no, men det gjer ingenting). Måtte jo innvilge meg sjølv litt fri etter å ha hatt to store eksamenar på fem dagar, eine av dei bacheloroppgåve.
Bacheloroppgåva vart levert den 23. Då kunne eg kaste denne, og gå ut i sola med oppgåva under armen, mot instituttet.
Der venta Runa, som òg skulle levere, for høgtidleg seremoni.
Etterpå var det berre såpebobler, sol, blometrer, gras mot hud pluss ei rekke morosame absurditetar som understreka det merkelege og fine ved heile dagen. Eg og Runa hadde for øvrig mista språket.
Hjarte smilefjes.
Eg kjøpte sommarsko eg lenge har hatt lyst på i eksamensgåve til meg sjølv.
Lørdagen etter vart eg med Runa og ein flott gjeng (deriblant Reidun og hennar MANDOLIN, ikkje ukulele) opp til Skomakerdiket ved Fløyen for å grille.
Hjarte smilefjes 2.
Dei som ikkje hadde blærebetennelse eller gåsehud, bada.
Reidun fann ein forlatt vannpistol som ho vart henrykt over, og fortalde med mykje innleving og pasjon korleis ho hadde lengta etter ein slik sidan barndommens vår.
Brått vart vi distraherte av noko. Og det kom stadig attende; rundt og rundt vatnet. Akk.
Så byrja det å bade. Då var det nokre sine hjernar som kortslutta, og det var i alle fall ikkje meg og Runa sin.
Vi såg oss rett og slett nøydde til å gå inn i skogen og skubbe ein svær stein inni ein trestamme.
Det hjalp litt.
Så fekk vi sett verdas finaste solnedgang (amerikanaren vi hadde med oss var einig) frå toppen av Fløyen på veg heim att. Det hjalp òg.
Søndagen pakka eg med meg nokre nødvendigheiter i min blå Bergans, og vende nasa mot Nesttun for å vere barnevakt for ei lita tuppe medan foreldra mala hus.
Eg ser ein framtidig lege i ho
Hjarte, smilefjes.
Tysdag sette eg meg på bussen til heimbygda, og no er eg trygt plassert i gyngestolen til Momma.
Her skal eg pløye gjennom så mykje pensum som eg orkar fram til onsdagens munnlege eksamen (usj).
Men etter det er det jo ein svært etterlengta sommarferie, så det får berre gå som det vil.
Dette med å dytte en svær stein inn en trestammen, virker veldig tilfredsstillende. "Knas, inn med deg!" Og det virket kanskje ekstra tilfredsstillende på akkurat det dere følte med denne distraksjonen løpende rundt og rundt vannet.
SvarSlettHer var det mye fint! Og solbrillesmilefjes til "Brått vart vi distraherte av noko. Og det kom stadig attende; rundt og rundt vatnet. Akk."! Haha, dere altså ;) Ally McBeal ville vært stolt. Lykke til med innspurten! Det går så bra så!
SvarSlettEg er også ferdig med mine (einaste, hihi) eksamen!
SvarSlettSøte sko, søt gjeng, fin June, søt lege og fin solnedgang. (puh)
Tusen takk, alle!
SvarSlettAhahahahaha! MANNEN! *solbrillesmiley*
SvarSlettB-)
SvarSlettHjæææææærte, smilefjæs! Du skriv så bra :)
SvarSlettTusen takk, kjære!
SvarSlettBloggen din er så fin :)
SvarSlett