Sider

mandag 2. juli 2012

Et rom i huset

Regn på ruta og Ringenes Herre. Ligge på golvet med føtene i glaskarmen. Åleine i ei tom leilegheit. Ekkoet som slår bak døra i romma kvar gong eg vrir nøkkelen.

Ein ny heim ti minuttar frå her. Gjennom parken, over vegen, svinge til høgre, til gata med det morosame namnet. Huset med raudt tak der alle tinga mine står. I loftsleilegheita der eg og Stine skal bu, hos det eldre ekteparet med den blinde, diabetiske hunden som allereie kjenner lukta mi.

Å ikkje lage noko stort nummer av denne flyttinga, denne vesle endringa i tilveret. Fordi røtene eg har slynga ut her er tynne og lette å flytte på. Dei verkelege røtene buktar seg fram inne i meg sjølv, og skal ingen stader, sjølv om eg skal det.

 

4 kommentarer:

  1. Åh, du må skrive et dikt om røtter. Eller, det der var et dikt, og jeg vil ha det rammet inn og hengt opp på hybelen min! <3

    SvarSlett
  2. Dette var vakkert! "Dei verkelege røtene buktar seg fram inne i meg sjølv, og skal ingen stader, sjølv om eg skal det." Ekstra fine ord å lese for ei som skal flytte for aller fyrste gong i livet heilt åleine og er litt nervøs.

    SvarSlett
  3. Ida M: Gled deg! Det er en stor opptur for veldig mange å flytte ut og få sitt eget sted :) .

    SvarSlett
  4. Gledar meg til å sjå din nye heim :)

    SvarSlett