Sider

søndag 29. juli 2012

Hauste og så

Det føles ut som om eg har vore vekke i månadsvis, sjølv om det berre er snakk om to veker. Det er rart, kor møter med nye stader, menneske og tankar får tida til å setje brems på seg sjølv for å la deg få ta inn alt. Eg kjenner at eg har blitt eldre på denne korte tida, at prosessar som er velkjende har kome inn i nye spor, medan andre har teke til.

Og nei, eg har ikkje vore på andre sida av kloden. Eg har ikkje eingong kryssa landegrensene.

Det er noko med å få fullstendig ro i hovudet til at tankeprosessane kan utfolde seg slik dei vil, og skal. Noko med å vere vekke frå alt det som er heime, som distraherar. Datamaskin, ting og tang, tal og lister, halvferdige prosjekt i kasser under senga og på skrivebordet, folk ein burde ha gjort avtalar med. Det er noko med det livet eg fekk leve desse to vekene, på den staden eg aldri hadde vore før, med dei menneska eg aldri hadde kjent. Kanskje det livet eg var meint å ha. Eller kanskje berre fordi det var ein annan stad.

Kvar har eg vore? På ein gard i Vestfold, nærare bestemt Undrumsdal. Det høyrest ut som eit fantasiland, og det var det òg. For meg.

For eg er inga byjente. Stresspulsen min elskar byen, men eg gjer ikkje det. Eg har følt meg så levande, til stade og fylt av ei ro desse vekene med melkestell klokka åtte om morgonen sju dagar i veka, luking i den svære grønsaksåkeren, lett springing over gardstunet for å plukke tomatar til middagen medan den står og godgjer seg, smile til bonden på veg til å gje kalvane surmelk, hjelpe til med å betjene gardskafé og sjå den same begeistringa hos besøkande over dyra og omgivelsane som eg sjølv har kjent så veldig på.

Dei fantastiske menneska som driv garden. Samtalane vi har hatt rundt matbordet. Om landbruk, verdsøkonomi, kvarandre, fortid-framtid - og det heilt kvardagsnære. Som den eine kyra som berre ikkje vil stå roleg under melkinga, påfuglen som trippar rundt på tunet og høyrest ut som ein katt i havsnød når den skrik og generelt er hysterisk morosam, dei to ville kattungane inni fjøsveggen som vi må få lokka ut.

Slik har vi blitt kjende med kvarandre, slik har vi laga eit maskineri. Slik har dagane sakte glidd over i nye. Og for meg har det - sjølv om ein klart òg blir sliten - vore fantastisk.

Lyden av melkemaskina når ein sit på huk med kinnet inntil ein kumage. Det fullstendig fredfylte minuttet når ein ser ut over jordene om kvelden før ein lukkar døra bak seg. Kyr som ligg og tygg og kikar undrande tilbake på ein, det lette skumringssløret over jordbæråkeren. Følelsen av nok ein dag med å gjere noko som verkeleg betyr noko.

Det brennande engasjementet til bonden og kona for jorda vår, den som vi sår og haustar i. Menneskets rolle i krinslaupet. Ikkje som ein øydeleggar, men som ein uvurderleg ressurs, berre vi tileignar oss nok og riktig kunnskap og veit å bruke den. Det var eit nytt perspektiv for min del i alle fall, i ei verd der det kan synest som det einaste vi får høyre er korleis vi utarmar kloden og køyrer den til helvete. Håpet fins så absolutt. Ikkje berre kan vi gjere så utruleg mykje bra i naturen; vi er naturen - ein uerstatteleg del.

At opphaldet har vore vellukka, er ei sterk underdriving. Tårene mine i armane på bondekona før eg måtte setje meg på toget heim, stadfestar det. At eg seriøst har vurdert å byte ut masterplanane med jordbruksskule, gjer det same. Men forsikringar om at eg alltid er velkommen tilbake, gjer at eg kjenner på at eg kan få til å kombinere desse faktorane i livet mitt som må vere der. Eg elskar å studere litteratur, difor må eg vere i byen. Eg elskar natur og dyreliv, difor må eg vekk frå byen.

Heldigvis fins det feriar. Og på universitetet er dei lange.
Heldigvis skal eg tilbake om nokre månader allereie.
Heldigvis veit eg å kose meg her òg. Å blomstre der eg blir planta. Om hjartet mitt kan tilhøyre ein by, så er det denne.

4 kommentarer:

  1. Dette var utrolig flott å lese, og du skriver så varmt at roen brer seg i hele kroppen min. Jeg er så glad for at oppholdet ble alt- og mer til- du ønsket deg!

    Nyt bursdagen din med gode gardsminner! <3

    SvarSlett
  2. Vakkert og velskrive (som alltid) ♥

    SvarSlett
  3. Så utrolig fint. og vakkert. og velbeskrivende. Jeg finner denne roen på hytta. Med landskap, tid til litt roligere frokost, og veldig lav hvilepuls. Jeg vil også vekk fra byen. Oslo er alt for pulserende, og alt for krevende. Hvordan havnet du på dette fine stedet som gården var? :) Hilsen nyyy, fast leser. hehe.

    SvarSlett
  4. Tusen takk for fine ord!

    Malin a: Så kjekt med ny lesar! Eg var der via eit Natur og ungdom-arrangement som heiter Grønt Spa'tak :-)

    SvarSlett