Sider

tirsdag 21. august 2012

Come back, back to me, back to where the mountains meet the sea. We'll build a house of driftwood, and keep it simple cause simple is good.

Bergen traff meg midt i fleisen. Litt for mange turistar. Litt for mange visna lauv langs vegen. Litt for mykje trafikk. Litt for mange valdtektsoverskrifter.

Litt for mange minner om ein fin sommar. Med dei siste dagane, hos Momma, som krona på verket:

Sukk...

Kan det bli finare, eigentleg?

Nei, det kan jo ikkje det.



Lange timar fordjupa i ei bok. Ingenting ein skulle.
Og så stilt at ein kunne høyre skummet knitre i sjokoladekaffien.


Nye kompisar.


Rare, eigenkomponerte frukostar. Veldig gode, då.

Fine sykkelturar til bortgøymde perler, på den nydelege heimstaden min som eg oppdaga på ny i sommar.



I shortsen til tanta mi som eg fann på loftet. Hadde ikkje teke med noko særleg sommarklede heim, men eg har jo funne sommaren alle stader eg har vore denne ferien, så burde jo ha visst betre.

Og først i år oppdaga eg kva som sto på sykkelen til Momma, den som eg har sykla på
sidan eg lærte kunsten.

Finne gamle skattar på mørkeloft.

Utsikt på null komma niks. Slik er det heime - avstanden mellom fjære og fjell kan takast i eitt sprang, nesten.



Vinke ned til Momma på tunet.


Så vinke på gjensyn nokre dagar seinare, og måtte snu seg vekk.
Eg må ta vare på alt.

2 kommentarer:

  1. "Og så stilt at ein kunne høyre skummet knitre i sjokoladekaffien."

    Då har ein funne roen då. Herlig å lese om sommaren din June, og ikkje minst sjå alle dei herlige bildene.

    SvarSlett
  2. No fekk eg sommaren midt i fleisen, kjenner eg saknar det litt allereie, den går alltid så alt for fort!

    SvarSlett