Sider

mandag 3. september 2012

Blankets

Det er alltid vanskeleg å skrive om ei bok, eller kva det måtte vere, som ein har eit sterkt forhold til. Eg kan aldri legge auga mine på omslaget til Blankets av Craig Thompson utan å bli omslutta av den rå sårbarheita som berre fins i ein syttenårig kropp, vidopen mot verda.

Eit glasklårt minne om å knele framfor bokhyllene ein sein vinterkveld i eit tomt skulebibliotek. Open skule, heitte det. Då lysa var sløkte og mylderet av kroppar, stemmer og andlet frå dagen var reduserte til ekkoet av mine eigne steg og min eigen pust gjennom dei mørklagde gangane. Det var berre å ta ut ei bok.

Til alt hell la auga mine seg på ein tjukk, grafisk, sjølvbiografisk roman om ungdommen Craig, som eg kunne legge alle kjenslene mine i. Den handlar om - for meg - å sprengjast ut av seg sjølv og inn i den pulserande, grenselause ungdommen. Om å hakke i hola i barndommens grunnmur, og støype på nytt. Om å miste seg sjølv i ein annan på leit etter seg sjølv. Og så finne vegen ut, på eiga hand.

Denne boka treffer det naknaste punktet i meg. Kvar gong. 
Den er ein luftlomme i eit vakuum. Frostpusten ein kald desemberkveld.
Snø som dalar, stille ned. Men mest av alt våren som kom frå ingen stader.

Sval mot huda, kraup under og la seg over. Som eit teppe.

Les den.
























4 kommentarer:

  1. Så fint å lese! Og jeg noterer meg tipset.

    SvarSlett
  2. Eg vart oppslukt berre av å lese rutene du hadde teke bilde av. Dette er ei bok eg berre må låne på biblioteken asap. Det verkar som noko eg kan hente så utrulig mykje inspirasjon og kjensler frå.

    SvarSlett
  3. Du kan å selge inn bøker June. Finaste bokmeldinga eg har lest. Synest eit eller anna bra magasin burde hyre inn deg. Eg er jo heilt trollbunden. Kjenner dette "må lese snarast"-suget i magen. :)

    Og ja sommarfuglen er min, snille du! :)

    SvarSlett
  4. Den er nydelig. Den er så diger, men jeg tar den med til hver ny bokhylle jeg flytter til, uansett plassmangel..

    SvarSlett