For nokre helger sidan var eg tilbake på Finse saman med klientellet frå sist, minus to - akk så viktige - tilskot (Runasakn). Denne gongen rekna vi oss som vidarekomne, og satsa difor på telt og primus i stadan for betjent (de får meg ikkje til å skrive betent) hytte og overprisa middag.
Riktig så flott vart det. Sjå berre her:
Månen var i rette stemning då vi kom.
Luksuriøs kvelds.
Dagstur på lørdagen, etter ei litt kald men fortreffeleg første natt i telta.
Hjarte.
Veldig annleis å vere på Finse tidleg haust enn i vår då heile området var dekt av snø.
Var til dømes ikkje klar over at vatnet var så stort.
Rallarfolk på rallarveg.
Dette biletet har eg jo vist før, men det er altså frå denne turen.
Ingrid legg stein til byrden (særs misvisande utsegn, med tanke på at denne jenta er godheita sjølv).
Obligatorisk hoppebilete på snøflekk i fjell.
Synkronisert obligatorisk hoppebilete på snøflekk i fjell.
Utsikt.
Sjølvutløysar i mitt hjarte.
Nostalgisk innslag frå barndommen: myrull.
Galskap i teltet.
Søndagens morgon og ein renska teltplass synte at vi var dei einaste som hadde ballar nok til å ri av nattas heftige storm (storm på Finse? Sann historie).
Skum på toppane. Altså minst sterk kuling. Det er barnelærdom, dét.
Lunka stemning? Neida, lunken primus. Den bestemte seg for å varme maten i sneglefart akkurat denne dagen då vêret ikkje akkurat tilsa prima forhold for festbord utandørs.
Men kven klagar når havregrauten endeleg kjem på bordet (steinen)? Ikkje The Lars Monsens i alle fall.
Likevel var det i overkant herleg å innlosjere seg på Finsehytta (som var minst like koseleg som sist) for to koppar kakao med krem, kortspel, strikking, preiking med hyggelege (som alltid) turfolk og skifte til tørre ullsokkar dei siste timane før toget gjekk.
Takk for ein flott tur!
Ææææææh så fanatastisistisk det ser ut!! saknesaknesaknesakne
SvarSlettNydelege bilete, særleg av myrullen og av galskapen i teltet ^^
Synes det er så innmari fint at jeg er den normale av dere...vises ekstra gått i "galskap i teltet" og det siste bildet der *kremt* Jaja, god stemning! Takk for at dere er støttekontaktene mine (selvom dere later som dette er et helt vanlig venninneforhold :P )
SvarSlettUææææ! TRYKKLEIF! *godt* ...tror jeg ble litt turprega og bøyde verbet "å gå" istedet... :P
SvarSlettSåg veldig veldig kjekt ut. Myrull-bildet er i ein klasse for seg, dei andre bilden osar av energi og glede. Herlig. Blei glad og inspirert av dette innlegget. :)
SvarSlettKremt. Hewf sa ingenting. Han berre lurte seg bort og trykte på publiser. Hewf skal skamme seg. :P
SvarSlettÅ, nå fekk eg lyst å reise på telttur! Eller fjelltur generelt.
SvarSlettÅh, flotte bilder. Koseliiiig.
SvarSlett