Av og til får ein berre lyst til å be verda reise til helvete fordi melkekartongen er tom.
Site ein heil dag og gnure på at ein er den dummaste masterstudenten tidene har sett, og avvise alle alternative tankar.
Late vere å ta opp hetta på regnjakka i sipperegn gåande over Torgallmenningen, for å tileigne seg ein passande dramatisk-depressiv look i trynet (maskaraelver og dryppande spaghettihår).
Forbanne alle dei ørten filmane som oppigjennom har fylt ungpikehovudet med urealistiske forventningar om liv og kjærleik og bakgrunnsmusikk.
Slå seg til ro med det faktum at ein er sosialt tilbakeståande, og avgjere at det kvalifiserar ein for dagleg tilførsel av sukker. Mykje sukker.
Bruke ein halvtime på å google alle tenkelege og utenkelege variasjonar av banneord.
Ta tredveårskrisa sju år på forskot.
Og ete to pakkar kjeks på det.
For faen.

Jadda, nokre gonger er det berre så jævlig deilig få det ut. Burde sikkert skrive noko bra fordi det liksom er det "rette" å gjere.
SvarSlettMen veit du kva, eg er litt på samme plassen sjølv. Så eg drar heller stolen min bort til din, så kan vi sitte i lag med armane i kors og nikke på at avogtil suge livet noko heilt for jævlig. Vi dissar regnet og avsluttar med ein kjeks! :)
Det er klart det er sånn. For helvete.
SvarSlett"Gnure" må være verdens sinteste ord.
Hurra! eg er ikkje den einaste
SvarSlettHaha! Sånn er det bare iblant. Jeg kan være rå på kjeksspising! Håper ting tar seg opp og at helga blir bra!
SvarSlettSkulle sendt deg mi "Little book of rude", den er fin å slå opp i på en dårlig dag.
SvarSlettMen du kan få en e-klem da!
Noen ganger kan livet bare beskrives med tre ord: kuk i anus!
SvarSlettTakk for herlege kommentarar, og spesielt takk for at ingen prøvde å "fikse" det!
SvarSlett