Sider

onsdag 12. september 2012

Time after time

Saknet var ei kjensle som måtte gro. Så snart eg aksepterte, kom saknet som eit teppe nokon la vart om skuldrane. Den første gongen eg kjende at no, først no, saknar eg deg. Ikkje det som kunne ha vore.

Det er så mykje eg skulle ha spurt deg om. I ditt fråvere syg eg til meg det andre kan fortelje om deg. Mamma er ei kjelde til eit heilt liv som utspant seg mellom dykk lenge før mitt eingong var påtenkt. Eg lyttar, tek vare på, og legg meg på minnet. Legge seg noko på minnet. Kan ein gjere det i ettertid? Gjere noko ein har blitt fortalt om til sitt eige minne?


Kjære pappa, eg saknar deg. Gratulerer med dagen.

7 kommentarer: