Sider

onsdag 31. oktober 2012

Den dag kjem aldri

Eit av dei desidert vakraste og vondaste dikta eg veit om. Las det første gong i norskboka på vidaregåande, og det treff meg framleis like sterkt.


Den dag kjem aldri

Den dag kjem aldri at eg deg gløymer,
for om eg søver, eg om deg drøymer.
Om natt og dag er du like nær,
og best eg ser deg når mørkt det er. 

Du leikar kringom meg der eg vankar,
eg høyrer deg når mitt hjarta bankar.
Du støtt meg følgjer på ferdi mi,
som skuggen gjeng etter soli si. 

Når nokon kjem og i klinka rykkjer,
d'er du som kjem inn til meg, eg tykkjer;
eg sprett frå stolen og vil meg te,
men snart eg sig atter ende ned. 

Når vinden lint uti lauvet ruslar,
eg trur d'er du som gjeng der og tuslar;
når somt der borte eg ser seg snu,
eg kvekk og trur det må vera du. 

I kvar som gjeng og som rid og køyrer,
d'er deg eg ser, deg i alt eg høyrer:
i song og fløyte- og felelåt,
men endå best i min eigen gråt. 

- Aasmund Olavsson Vinje -


5 kommentarer:

  1. Nydelig. Takk for at du delte!

    SvarSlett
  2. vart røyrt, faktisk. fint!

    SvarSlett
  3. Dette er så vondt og så fint. Fordi det treff kjenslene akkurat slik dei er.

    SvarSlett
  4. Eg er så enig med deg June, det vakraste og vondaste.

    På pappa sin gravstein står dei første orda i diktet, Den dag kjem aldri at vi deg gløymer.

    SvarSlett