... aksept.
Ein stiller aldri spørsmål ved naturens årstider, skiftingane frå sommar til haust, vinter til vår. Ein godtek det når trea skiftar fargar og gjev slepp på blada sine, fordi ein veit det er sånn det må vere og at det kan ikkje endrast. Akkurat som ein veit at det vil blomstre att når våren kjem.
Så kvifor skal det vere så annleis med eins eigne vekslingar? Kvifor skal nedstemtheit og dårlege periodar overanalyserast, forebyggast, finnast ut av, overkomast fortast mogleg, fiksast. Kvifor er det dei gode periodane som er dei rette, normaltilstanden, og i deira fråvere er det noko som er feil, noko ein ikkje gjer som ein burde gjere, eller ikkje gjer som ein burde gjort?
Eg trur det klokaste er å leve som naturen: etter årstidene.
Yin yang. Balanse. Ei tid for alt. Liksom.
Eller noko sånt.
Så himla sant!
SvarSlettMmmhm <3 Fina!
SvarSlettså sant, så sant. bra tankevekkar, trengte den!
SvarSlettDu e kloke du June mora <3
SvarSlettKlem Trine :)
Vakkert og klokt, June. Aksept er viktig og vanskelig.
SvarSlett(Og finaste du, takk for dei gode orda dine - dei slo krøll på hjartestrengen min og gjorde meg veldig glad.)