Og plutseleg gav ingenting meining.
"Å gje meining" - kva betyr det, eigentleg? Det som kjennest meiningsfylt endrar seg jo ikkje i sitt vesen. Tinga er dei same. Vinden i greinene, osv.
Så kva er det, det som oppstår i ein, og som skapar den såkalla meininga?
Ei kjensle av at heile verda opnar seg ein stad frå brystet og breier seg ut, kanskje. At alt som hovudet plagar seg sjølv med berre smuldrar opp i ei lykksalig visse, ei visse om at så mykje vil skje - og skjer - av gode ting. Som då alle byens fuglar letta frå eit tak og fylte himmelen medan eg sat på bybana og lena meg mot ruta. "Still Time" av Ron Sexsmith på Mp3-en.
Staring down these days ahead
And the days gone by
All these regrets
Best make room for love
There's still time
Ron Sexsmith skriv fint. Perfekt å høyra på om ein treng litt ekstra håp :)
SvarSlettIkkje sant :-)
Slettman kan finne mening i så mangt.. eller ingenting..
SvarSlettMen mest av alt i seg sjølv :-)
SlettDette var riktig fint. Takk.
SvarSlettSjølv takk!
Slett